Utløpt

Vernepleiar

Arbeidsgiver
Lindås kommune
Stillingstittel
Vernepleiar
Frist
11.06.2018
Ansettelsesform
Fast

 

 

VIL DU VERA MED Å GJERA VÅR DRAUM TIL RØYNDOM?

"Eining for funksjonshemma, - for menneske i utvikling"

Som medarbeidar hjå oss er du einverdfull tilsett. Me håper du vil vere med å setje preg på, utvikla og forbetre tenestene, - og utgjere ein forskjell for brukarane. Eininga har totalt 6 bufellesskap, ein avlastingsbustad og eit arbeids- og aktivitetssenter. Desse er organisert i 4 avdelingar som alle er lokalisert sentralt i kommunesenteret Knarvik.

Me har ledig 100% stilling som vernepleiar i Bjørkhaugen bufellesskap frå 01.08.2018. Turnus med lang og og korte vakter på helg. Bjørkhaugen bufellesskap er heimen til 6 personar med nedsett funksjonsevne, i alderen   
24 - 74 år. Bufellesskapet er døgnbemanna og personalgruppa består av vernepleiarar, helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og assistentar. Målet er å skape ein god heim med tenester i tråd med bebuarens behov og ynskjer.

Arbeidsoppgåver:

Eining for funksjonshemma gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim i bufellesskap. Tenestene femnar om rettleiing, ADL, daglege gjeremål med brukar, administrasjon av medikament, personleg hygiene og praktisk arbeid i

bustaden. Til dømes helse-messig oppfølging. Oppfølging av Helse og omsorgstenestelova, kap. 9.  Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Arbeidet i eining for funksjonshemma krev tverrfagleg samarbeid til
beste for brukarane, internt i kommunen og med spesialisthelsetenesta.

Kompetansekrav:

Autorisasjon som vernepleiar.

Sertifikat klasse B.

Vi ønskjer deg som

- vil vere med på å utvikle tenestene med utgangspunkt i brukarane sine ønskjer og behov

- er inspirerande, engasjert og motiverande

- er pliktoppfyllande, sjølvgåande og løysingsorientert

- kan samarbeide og gjere andre gode

- trivst med å arbeida sjølvstendig og som del av ei gruppe

- har evne og vilje til å arbeida for eit godt arbeidsmiljø

- er fleksibel og kan ta i et tak

- er lojal

- er fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga

- kan prioritera arbeidsoppgåver på ein god og hensiktsmessig måte

Vi tilbyr ein aktiv kvardag med mange spanande og
varierte utfordringar


For meir informasjon, logg deg inn på www.lindas.kommune.no

 



 

Om arbeidsgiveren

Lindås kommune er den største kommunen i Nordhordland med med 15.500 innbyggjarar. Vi er ein vekstkommune med godt utbygde tenester og eit variert næringsliv.
Knarvik er kommunesenter og regionsenter for Nordhordland,30 minutt frå Bergen sentrum. Vår visjon er å vera ein kommune der draumar blir røyndom, derfor ønskjer vi å vera kvalitetsbevisste, framtidsretta, inkluderande og tenestevillige. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

Nettverk
LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
KVERNHUSMYRANE 26, 5914 Isdalstø
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Johanna Reigstad
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
56 37 54 17
Kontaktperson
Bernt Fjordheim
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
47 46 11 08
Følg firma
66 følger dette firmaet

KVERNHUSMYRANE 26, 5914 Isdalstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 121149250
Sist endret 25. mai 2018 12:57

Rapporter annonse