Utløpt

Sjukepleiar/Vernepleiar. 100% vikariat

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP)
Stillingstittel
Sjukepleiar/Vernepleiar. 100% vikariat
Frist
10.06.2018
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Har DU lyst på nye utfordringar?

Seksjon S3 er ein akutt, lukka post med 9 sengeplasser og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken Sjukehus. Seksjon S3 si oppgåve er å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod.

Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.

Seksjon S3 har ledig to vikariat i 100% frå 13.08.2018 - 31.08.2019. Stillingane er med arbeid pt. dag, kveld og kvar 3. helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søkje.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvarsvakt
  • Teamarbeid
  • Administrering av medisin
  • Miljøterapeutisk arbeid:
  • Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grensar for kvar enkelt pasient
  • Observere og dokumentere
  • Praktiske oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Erfaring frå psykiatri er ønskjeleg
  • Arbeidserfaring frå Noreg
  • Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Utdanning

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • sjukepleiar/vernepleiar

Eigenskapar

  • Vi ønskjer medarbeidarar som:
  • har respekt for den enkelte pasient
  • er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta
  • har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksible
  • har gode kommunikasjonsevner
  • har evner til å førebyggje konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/eller agiterte pasientar
  • er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
  • er serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
  • trivast i eit utfordrande og til tider hektisk miljø
  • ønskjer og evner å motta rettleiing

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Utfordringar og læresituasjonar
  • Fadderordning
  • Kursing i TERMA - terapeutisk meistring av aggresjon
  • Inkluderande arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling/ tverrfagleg internundervising
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
., 5036 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sykepleier / Psykiatri

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Trude Merete Ramberg
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 95 85 30
Kontaktperson
Jeanette Westerås
Stillingstittel
Ass. avdelingsleiar
Telefon
55 95 87 34
Følg firma
2248 følger dette firmaet

., 5036 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 120531272
Sist endret 15. mai 2018 14:40

Rapporter annonse