Utløpt

Vernepleiar ved Tjeldstø skule

Arbeidsgiver
Øygarden kommune
Stillingstittel
Vernepleiar
Frist
04.06.2018
Ansettelsesform
Fast

Kort om stillinga:
Ved Tjeldstø skule vil det frå 01.08.2018 bli ledig 90% fast stilling som vernepleiar.

Tjeldstø skule er ein ny, delvis open skulen, som ligg nord i Øygarden. Skulen har opne, lyse og innbydande lokale,
med godt utstyrt spesialrom. Skulen ligg i naturskjønne omgjevnader. Det er for tida 77 elevar ved skulen.

Arbeidsoppgåver:
Stillinga inngår som eit ledd i forsterka opplegg rundt einskildelevar/elevgrupper og omfattar medansvar for å
planleggje og iverksetjing av aktivitetar i tråd med læreplan, tilrådingar og særskilde planar (IOP).
Stillinga inneheld og arbeid i SFO.
Vi ønskjer oss ein fagperson som er fagleg dyktig, har god relasjonskompetanse, er samarbeidsorientert, fleksibel og
har godt humør.

Kvalifikasjonar for stillinga:
-Relevant 3-årig helse- og sosialfagleg utdanning på høgskulenivå
-Fortrinnsvis autorisasjon som vernepleier, sosionom eller tilsvarande
-Menn vert oppmoda til å søkje

Me tilbyr:
-Ansvar og høve til å forme ein arbeidsplass i kontinuerleg utvikling
-Arbeidsmiljø med faglege ambisjonar
-Fokus på personalutvikling
-Høve til kompetanseutvikling
-Gode pensjons- og forsikringsordningar
-Løn etter tariff og elles kommunale vilkår


Søknad:
Øygarden kommune ber alle søkjarar å søkja på stillingar elektronisk. For ytterlegare informasjon og rettleiing kring
søknadsprosessen ta kontakt med servicetorget på tlf: 56 38 20 00.

Arbeidstakarar vert tilsette i kommunen på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtaler.
Medlemskap i pensjonsordning hos KLP eller SPK. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Øygarden
kommune er IA- verksemd.

Me gjer merksam på at jfr. Offentlighetsloven § 25 kan opplysningar om søkjar vert gjort offentleg sjølv om søkjar har
oppmoda til ikkje verta ført opp i postjournal. Søknad om å verta unnateke offentligheita må vere grunngjeven. Dersom
søknaden ikkje vert teken til følgje vil søkjar verta varsla om dette.

Den som får tilbod om stilling skal levera politiattest ikkje eldre enn 3 månader, jf. helsepersonellloven § 20a første
ledd, jf. politiregisterloven § 39, første ledd. 

Rett kopi av attestar og vitnemål skal ikkje sendast inn, men vert teken med ved evt. intervju.

Om arbeidsgiveren

Øygarden kommune er ein framtidsretta kyst- og industrikommune nordvest for Bergen med omlag 5000 innbyggjarar. Reisetida frå Bergen til kommunesenteret på Rong er ca 40 minutt. Fjell, Sund og Øygarden har vedteke å slå seg saman frå 2020. Nye Øygarden kommune vert då den nest største kommunen i Hordaland med 40 000 innbyggjarar. Dei tre kommunane samarbeidar allereie tett. Etablering av vår nye kommune er eit omstillings- og utviklingsprosjekt som vil få stor betydning både for innbyggjarar og tilsette. Me søkjer etter medarbeidarar som ønskjer å vera med på laget.

Sektor
Offentlig
Sted
TERNHOLMVEGEN 2, 5337 Rong
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Nøkkelord

Vernepleiar, vernepleier, skole, skule

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Linda Færestrand
Stillingstittel
Rektor
Telefon
56 38 55 03
Følg firma
132 følger dette firmaet

TERNHOLMVEGEN 2, 5337 Rong

Annonseinformasjon

FINN-kode 120445160
Sist endret 14. mai 2018 09:30

Rapporter annonse