Utløpt

Sjukepleiar / vernepleiar - 100 % vikariat

Arbeidsgiver
Os kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar / vernepleiar - 100 % vikariat
Frist
11.02.2018
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

 

Ved Grantun bufellesskap er det ledig vikariat i 100 % som sjukepleiar / vernepleiar. Stillinga er ledig omgåande. Vikariatet gjeld fram til 31.08.2018, men kan bli forlenga.

 

Arbeidsstad

Grantun bufellesskap er ei avdeling for personar med psykiske vanskar. Grantun har 16 leilegheiter, krisehybel og fellesareal. Vi har som visjon å skape tryggheit, føreseielegheit og trivsel, samt gje rom for eigenutvikling.

 

Arbeidsoppgåver

Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane. Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og bli meir sjølvhjelpne. Målretta miljøterapi og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.

Du må vere villig til å ta på deg hovudkontaktarbeid. Dette arbeidet inneber å følgje særskilt med ein tenestemottakar sine behov i høve økonomi, helse, dag- og fritidstilbod og hjelp til daglege gjeremål. Vidare må du rekne med å ta initiativ og arbeide aktivt saman med tenestemottakaren sine pårørande, familie, vener og hjelpeapparatet elles.

Stillinga er i turnus med ein variasjon av langvakter og ordinære vakter. Stillinga inneberer ordinære vakter kvar tredje helg.

 

Kvalifikasjonar

Autorisert sjukepleiar / vernepleiar med kjennskap til Profil. I tillegg har du erfaring frå målretta miljøarbeid med personar med psykiske vanskar. Du er medviten dine haldningar og prioriterer verdiar som respekt, lojalitet og etikk. Du har gode samarbeidsevner og er fleksibel. Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar. Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

 

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.

Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

 

Slik søkjer du

Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.

Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernamn/passord" eller ta kontakt med personalkontoret.

 

Om arbeidsgiveren

Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.

Sektor
Offentlig
Sted
TORGGATA 7, 5200 Os
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Nøkkelord

sykepleier, vernepleier, bofellesskap

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eva-Mari Solberg
Stillingstittel
Eningsleiar helsetenester
Telefon
56 57 51 02
98 23 44 95
Kontaktperson
Maria Therese Bjørdal
Stillingstittel
Avd.leiar avd. bufellesskap psykisk helse
Telefon
56 30 80 47
91 33 04 59
Følg firma
483 følger dette firmaet

TORGGATA 7, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 112418344
Sist endret 19. jan. 2018 07:51

Rapporter annonse