Utløpt

Nyoppretta stilling som leiar ved Bryne aktivitetssenter

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Leiar ved aktivitetssenter
Frist
02.01.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune

Leiar ved Bryne aktivitetssenter

Me søkjer etter deg som vil vera med på å skapa trivsel for brukarane og ein spennande arbeidsplass for personalet.  Eit av leiarkjenneteikna i Time kommune er "synleg og tydeleg".

Bryne aktivitetssenter er for brukarar med psykisk og fysisk funksjonssvikt. Aktivitetssenteret er i endring etter ein omstillingsprosess i 2017. Me vil ha større fleksibilitet med fokus på brukarretta aktivitet, meistring og auka livskvalitet.  


Sentrale oppgåver er blant anna
-  Ansvar for gode og effektive tenester
-  Åpen og god dialog med pårørande/verge
-  Ansvar for HMS-arbeidet og oppfølging av sjukefråvær
-  Administrativt og økonomisk ansvar for verksemda
-  Ansvar for oppfølging av mål, vedtak og saksbehandling

Kvalifikasjonar
-  Du har bachelor i vernepleie eller sjukepleie
-  Du bør ha erfaring som leiar, leiarutdanning er ein fordel
-  Erfaring frå offentleg sektor er ein fordel
-  Du må kunna tileigna deg kompetanse på saksbehandling og elektroniske fagsystem
-  Du tenkjer heilheit, forankrar, involverer og delegerer
-  Du er fagleg engasjert og utviklingsorientert
-  Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
-  Det vert lagt vekt på at du er eigna til stillinga

Andre krav
-  For tilsetjing i omsorg er det krav om politiattest
-  Du må ha sertifikat for bil
-  Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarende B1 (gjeld 
   ikkje søkjarar med eit skandinavisk språk som morsmål)

Me tilbyr
-  Ein spennande arbeidsplass som satsar på kompetanse, innovasjon, kvalitet og tenesteutvikling
-  Nettverk med andre leiarar
-  Fleksibel arbeidstid og gode pensjonsordningar
-  Idretts- og fritidsrelaterte aktivitetsgrupper og bedriftskunstforeining

Elektronisk søknadsprosess
Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Røyrvika 12, 4340 Bryne
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier

Nøkkelord

dagsenter, miljøtenesta, sykepleier, vernepleier, aktivitetssenter

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Torill S. Olsen
Stillingstittel
Tenesteleiar
Telefon
97 74 36 15
Følg firma
604 følger dette firmaet

Røyrvika 12, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 110476074
Sist endret 4. jan. 2018 00:09

Rapporter annonse