Utløpt

Avdelingsleiar Kuhnletunet Dagsenter - Tenester for utviklingshemma

Arbeidsgiver
Os kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Frist
08.10.2017
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Teneste for utviklingshemma i Os kommune består av 6 bufellessakp og eit dagsenter.
Ved Tenester for utviklingshemma, for tida Kuhnletunet Dagsenter, er det frå snarast, ledig 100% fast stilling som
avdleingsleiar.
Kuhnletunet Dagsenter er eit aktivitetstilbod for om lag 20 tenestemottakarar med varierande bistandsbehov.
Sjå meir om Kuhnletunet dagsenter på Os kommune sine heimesider: oskommune.no 
Dagsenteret legg vekt på å gje eit meiningsfylt og variert aktivitetstilbud, men vekt på den einskilde tenestemottakar
sine interesser, ønskje og føresetnader.

Stillinga er på dagtid. Hovudvekta av stillinga er administrativ, men ein må pårekene å ta noko del i det miljøterapeutiske arbeidet med tenestemottakarane.

Stillinga si næraste organisatoriske plassering
Næraste overordna er einingsleiar.

Kvalifikasjonar/Eigenskapar
Kvalifikasjonar
- 3-årig helse eller sosialfagleg høgskuleutdanning, fortrinnsvis vernepleiar.
- Brei erfaring med arbeid med menneske med psykiskutviklingshemming. Gjerne erfaring frå dagsenter.
- Fortrinnsvis leiarerfaring og videreutdanning innen leiing, rettleiing og/eller relevant vidareutdanning for arbeid med
personar med utviklingshemming.
- Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Eigenskapar
- Vi søker ein person som er engasjert, og som har evne til å motivere og få frem det beste i andre menneske. Som ser
kva som er mogleg, fremfor hindringar. Som kan formidle kunnskap og bidra til ei trygg og god atmosfære for både
tenestemottakarar og tilsette.
- Som avdelingsleiar er det viktig at du kan arbeide sjølvvstendig og være trygg på eigne avgjersler. Samtidig må du
vere open for andre si mening og kunne arbeide godt i team.
- Du må ha svært god evne til å planlegge, ha oversikt, organisere, koordinere og delegere oppgåver.
- Det er viktig at du ser betydninga av, og jobber for, eit godt samarbeid med eigne tilsette, pårørande og aktuelle
samarbeidspartnarar.
- Det vert særleg vektlagt at søkjar er personleg eigna for stillinga,  og engasjement for brukergruppa er ein føresetnad.
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.  At du er open, ærleg og lojal vert satt høgt.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Arbeidsoppgåver
- Drifte dagsenteret i henhold til Os kommune sine verdiar og målsetjingar
- Sørgje for ansvarleg drift innafor gitt budsjett
- Sørgje for at det vert gjeve tenester som er faglig og etisk forsvarleg
- Ansvar for dagleg drift, bemanning og timelister
- Personalansvar
- Samarbeid med bufellesskapa, pårørande og andre samarbeidspartnarar
- Sørge for forsvarleg dokumentasjon i henhold til retningslinjer
- Oppfølging av HMS arbeid
- Andre praktiske oppgåver

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit tverrfagleg og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode høve til å vere med å påvirke og utforme ei viktig og spannande teneste.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
- Støtte og fellesskap i eininga sitt leiarteam.
- Leiarutviklingsprogram.

Om arbeidsgiveren

Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.

Sektor
Offentlig
Sted
Kuhnlevegen, 5200 Os
Bransje
Helse og omsorg,
Annet
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sykepleier,
Sosionom

Nøkkelord

vernepleiar, miljøterapeut, sykepleiar, leder, avdelingsleder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Torunn Haugen
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
91 16 64 59
Kontaktperson
Monica Totland Melvold
Stillingstittel
Ass. einingsleiar
Telefon
93 00 68 21
Følg firma
483 følger dette firmaet

Kuhnlevegen, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 104414168
Sist endret 28. sep. 2017 15:02

Rapporter annonse