Utløpt

Sjukepleiar/ vernepleiar

Arbeidsgiver
Avdeling for Spesialisert Psykosebehandling / Seksjon S3
Stillingstittel
Sjukepleiar/ vernepleiar
Frist
13.08.2017
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Seksjon S3 er ein lukka akutt korttidspost med 9 senger lokalisert til Avdeling for Spesialisert Psykosebehandling ved Sandviken sjukehus. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med akutte psykosar. Parallellt samarbeidar vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod.

Vi har ledig 100% vikariat for sjukepleiar/vernepleiar frå 21.08.2017 til 31.08.2018.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvarsvakt
  • Administrering av medisin
  • Miljøterapeutisk arbeid
  • Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grenser for kvar enkelt pasient
  • Observere og dokumentere
  • Praktiske oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Norsk autoriasjon som sjukepleiar/ vernepleiar.
  • Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna.
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg

Utdanning

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Sjukepleie
  • Vernepleie
  • sjukepleiar/vernepleiar

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Vi ønsker medarbeidarar som:
  • har respekt for den enkelte pasient
  • er sjølvstendige, løysingsorientert og målretta
  • har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksible
  • har gode kommunikasjonsevner
  • har evner til å førebygge konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/eller agiterte pasientar
  • er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
  • trivast i eit utfordrande og til tider hektisk miljø

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Kursing i TERMA - terapeutisk meistring av aggresjon
  • Fagleg og personleg utvikling/ tverrfagleg internundervising
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Sandviken sjukehus, 5036 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sykepleier,
Sykepleier / Psykiatri

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Trude Merete Ramberg
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 95 85 30
Kontaktperson
Jeanette Westerås
Stillingstittel
Ass. avdelingsleiar
Telefon
55 95 87 30
Følg firma
2248 følger dette firmaet

Sandviken sjukehus, 5036 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 100461254
Sist endret 19. jul. 2017 11:12

Rapporter annonse