Citroen CX
CX 25 D Break
Beskrivelse
Sølvpilen er til sals.
Manglar PKK, var vist i 2014 og fekk ein liten mangellapp, slark i ei dørhengsle, ujamn bremseverknad og dårleg nedre opphengskule HF. Denne er med.
Men bilen må nok visast på nytt sidan det er så lenge sidan. Det bør ikkje vere mykje anna som må fiksast enn det eg har nemnt, men kan jo ikkje gje nokon garanti.
Mykje nytt, tidlegare eigar har i 2013 skifta:
Komplette drivakslingar
Registerreim m/strammar
Dieselpumpereim m/strammar
Nedre venstre bærekule
Bakre eksospotte
4 nye piggdekk, Gislaved NordFrost5.
Sjølv har eg montert ny dynamo, hovud- og bremseakkumulator, og begge fjøringskuler framme. Bakre kuler er innkjøpt og kan følge med.
Har nettopp overhalt parkeringsbremsmekanisme, montert ny vaier på begge sider og nye parkbremsklossar og nye bremserør og slangar framme. Synest ikkje parkeringsbremsa tek godt nok enno, men det er mogeleg klossane må slitast litt til eller mekanismen må justerast.
LHM hydraulikkvæske er bytta siste året.
Det er med mange nye deler, t.d. bakre bremseskiver, eksosdeler, opphengskuler og ledd og ein del anna.
Sølvpilen har lite rust, det meste er kosmetisk og bilen er veldig bra under, men lakken er dårleg. Karrosseriet er veldig rett og pent, ingen bulkar. Kun nedre hjørnet på førardøra.
Styring og nivåjustering fungerer upåklageleg og bilen er veldig god å køyre. Ingen lekkasjar på hydraulikken
Girkassa har slitne synkroniseringar på 3. og 4. gir. Det tok meg eit par dagar å lære å køyre "skrapefritt". Har fylt på Omega spesialgirolje til over tusenlappen, men det vart ikkje så mykje betre.
Litt anna småpirk er det nok på ein slik gammal bil, men ingenting alvorleg.
Motoren går veldig pent, er lettstarta og overraskande sprek. Veldig billeg på dieselen. Brukar alltid motorvarmar når det er kaldt, men om det er krise startar han likevel om det er mange minus.
Med enorm innvendig plass, automatisk nivåregulering, lang hjulavstand og seig motor er Sølvpilen ein veldig god bil når ein skal flytte ting. Eg har frakta t.d. kjøleskåp i lasterommet, traktorhjul, moped og mykje anna på hengar og det er alltid enkelt og greitt.
Godt utgongspunkt for lett restaurering eller kan brukast som bruksbil i mange år.
Km står på ca 55000, men eg veit ikkje kor mange runder han har gått.
Årsavgift 2015 inkludert.
Bilen er veteran med lav årsavgift og rimeleg forsikring.
Alle bud blir vurderte.
Ta gjerne kontakt via epost, då eg ofte ikkje kan ta telefonen.
Spesifikasjoner
- Omregistrering
- Fritatt (avgifter)
- Årsavgift
- Les mer
- Farge
- Sølv
- Fargebeskrivelse
- Sølvgrå
- Interiørfarge
- Blå
- Hjuldrift
- Forhjulsdrift
- Effekt
- 75 Hk
- Sylindervolum
- 2,5 l
- Antall seter
- 5
- Karosseri
- Stasjonsvogn
- Antall dører
- 5
- Bilen står i
- Norge
- Salgsform
- Bruktbil til salgs
- Avgiftsklasse
- Personbil
- Reg.nr.
- UE61701
Utstyr
- El.vinduer
- Hengerfeste, fast krok
- Lettmet. felg sommer
- Motorvarmer
- Nivåregulering
- Servostyring
- Sommerhjul
- Vinterhjul
Reklamasjonsrett ved kjøp fra privatperson
Normalt gjelder 2 års reklamasjonsfrist mot skjulte feil og mangler. Reklamasjonsretten brukes hvis produktet er i dårligere stand enn det du hadde grunn til å forvente, basert på informasjon du har fått fra selger. Vær oppmerksom på at begge parter kan fraskrive seg reklamasjonsretten dersom dette er tydelig spesifisert i en kjøpekontrakt.
Annonsen kan være mangelfull. Fullstendig salgsinformasjon og opplysninger iht. opplysningsplikt kan fås direkte fra selger.