SOLGT

Subaru Outback

2.0D PREMIUM

Modellår
2010
Kilometer
283 200 km
Girkasse
Manuell
Drivstoff
Diesel

Beskrivelse

Ny pris: kr. 20000,-/bud + reg.avg.


Reperasjonsobjekt


Selger vår pålitelege Subaru Outback, 2.0 D (150 hk), Premium med skinn, navi, soltak m.m

Bilen er kjøpt ny i 2010 og den er gått 283200 km. Eu-godkjent til 30.juni 2024.


Dessverre har den ikkje fått den omsorga den fortener i det siste. Den har stått i heile vinter.

Startar fint, men det ser ut som om det er eit problem med diselpartikkelfilteret.

I tillegg dukkar det opp andre feilmeldingar. Om dette har samband med partikkelfilteret, eller det faktum at bilen har vore heilt tom for straum i vinter er uklart. Uansett, det blir for omfattande for oss å fikse dette no, og vi sel den her som eit reperasjonsobjekt.

Det er viktig for oss at ein evt. kjøpar av denne bilen veit kva som ventar. Og truleg må det leggast arbeid i å få denne skikkeleg opp å gå. Lista nedanfor visar pluss og minus. På minussida har vi nemd alt vi veit om, men ny EU-kontroll kan sjølvsagt avdekke meir. Bilen blir solgt som eit reperasjonsobjekt der kjøpar må rekne med at bilen treng ulike reperasjonar, og at det er mogeleg at bilen har fleire feil enn det som er lista opp nedanfor.


Bilar av denne typen og modell går framleis for mellom NOK 50.000 - 89.000 tusen i god stand. Vår bil blir solgt for NOK 25.000/bud.




Pluss:


Driftssikker og særs god på vinterføre

Permanent AWD og høg bakkeklaring

Stor, oversiktleg og romslig bil med god plass til 5 personer.

Premium modell med skinnseter, navi og McIntosh lydanlegg

Thule takbøyler

Hunde-gitter

Hengerfeste (kan dra totalvekt på 1600 kg)

Økonomisk: Ingen problem å halde denne til rundt 0,55 l pr.mil. Noko som må vere bra for ein så stor bil

Normalt godt holdt med regelmessige servicer fram til 245.000 km. Etter dette er det gjort nokre oljeskift og nødvendige skift av bremseklosser, samt: Skifte av mutireim. nytt batteri, 2 stk bremsecaliper, tetting av diesellekkasje (skifta ein "boks" som ligg etter dieseltanken), ny hengerkontakt.


Minus:

Pr. i dag lyser desse varselsymbolene i dashbordet: Motorfeil, Dieselpartikkelfilter (blinker), Automatisk stabilitetskontroll, elektronisk parkeringsbrems. Dei to fyrste indikerer at noko er gale med avgasskontrollsystemet. Dei to siste dukka opp på ein testtur 11.mai 2024, men parkeringsbremsen fungerer likevel.

Som fleire andre dieselbilar har også denne hatt problem med nedsoting av EGR-ventil. Ved t.d jevnt gasspådrag i svak, lang oppoverbakke i 5 og 6 gir vil motoren av og til "hoppe"/"hikke". Ventil er skifta (garantisak), men slik nedsoting er eit gjentakande problem. Løysinga er å køyre på lavare gir og med høgare turtal ei stund.

Slitte dekk. Sommerdekk må skiftast i år, piggdekk (Nokian) går kanskje ein sesong til

Navi viser feil. Dette oppdaga vi fyrst nyleg sidan vi ikkje har brukt dette systemet jamnleg. Bilen vart for nokre år sidan innkalt til Subaru for ein fiks av noko angåande kollisjonspute på passasjersida (garantisak). Vår teori er at verkstaden i samband med dette har gløymd å feste GPS-antenna (denne er lokalisert ein plass på baksida av hanskerommet). Har ikkje tatt kontakt med verkstaden sidan det har gått for lang tid, men reknar med at dette er ein smal sak å fikse for ein kyndig person.

Særs dårlege nærlys. Har blitt fortald at dette er eit svakt punkt for desse bilane. Fjernlys er til gjengjeld særs godt.

Rust i hengsel til bakdør. Bakdør er for øvrig omlakkert innvendig (garantisak i 2013)

Mangler bunnplatedeksel

Enkelte mindre skader karrosseri (sjå bilder)

Bulk i høgre framskjerm. Dette stammar frå eit hardt fotballskot (!). Har forstått det slik at dette også lett kan la seg reparere med rett utstyr

Har mista justeringsbolter/feste for å justere høgden på hundegitteret. Ellers er dette eit solid gitter som vart bestilt som ekstrautstyr når bilen var ny.

Ved siste Eu-kontroll (juni 2022) vart det påpeika: Mykje rust i påfyllingsrør, svake xenon lys, slakk i stabstagsforinger og at bakre bærearmsforing er byrja å bli dårleg. Bilen vart likevel godkjent og dette er ikkje gjort noko med.

Spesifikasjoner

Omregistrering
1 845 kr (avgifter)
Pris eks omreg
20 000 kr
Årsavgift
Les mer
1. gang registrert
03.06.2010
Farge
Sølv
Fargebeskrivelse
Sølv metallic
Interiørfarge
Sort skinn
Hjuldrift
Firehjulsdrift
Effekt
150 Hk
Sylindervolum
2 l
Vekt
1 571 kg
Antall seter
5
Karosseri
Stasjonsvogn
Antall dører
5
Antall eiere
1
Bilen står i
Norge
Salgsform
Bruktbil til salgs
Avgiftsklasse
Personbil
Reg.nr.
TF25529
Chassis nr. (VIN)
JF1BRDLZ4AG013446
Maksimal tilhengervekt
1 700 kg
Neste frist for EU-kontroll
30.06.2024

Utstyr

  • Air Condition
  • Bagasjeromstrekk
  • Bluetooth
  • CD-spiller
  • Cruisekontroll
  • El.vinduer
  • Elektrisk sete m. memory
  • Elektriske speil
  • Handsfree opplegg
  • Hengerfeste, avtagbart/svingbart
  • Klimaanlegg
  • Metallic lakk
  • Midtarmlene
  • Navigasjonssystem
  • Oppvarmede seter
  • Ryggekamera
  • Seter i helskinn
  • Soltak/glasstak
  • Takrails
  • Vinterhjul
  • Xenonlys

Selgers kjennskap til bilen

Kjente feil, mangler eller synlige skader?

Ja. Varsellampe lyser for: Motorfeil, Dieselpartikkelfilter, Automatisk stabilitetskontroll, elektronisk parkeringsbrems. Desse er ikkje undersøkt nærare. Periodevis problem med nedsoting av EGR ventil Navigasjonssystem viser feil. Svake nærlys (dårlig reflektor og slitasje på deksel) Rust i hengsel til bakluke/dør Mangler bunnplatedeksel Bulk i høgre framskjerm Mindre skader karrosseri Slitte dekk. Sommerdekk ikkje lovlege, vinterdekk heilt på grensa. Ved siste Eu-kontroll (juni 2022) vart det påpeika: Mykje rust i påfyllingsrør, svake xenon lys, slakk i stabstagsforingrt og at bakre bærearmsforing er byrja å bli dårleg. Bilen vart likevel godkjent og dette er ikkje gjort noko med.

Er det gjort større reparasjoner?

Ja. Bakdør omlakkert innvendig (garantisak i 2013). Skifte av mutireim. nytt batteri, 2 stk bremsecaliper, tetting av diesellekkasje (skifta ein "boks" som ligg etter dieseltanken), ny hengerkontakt.

Er eller har motoren vært trimmet?

Nei

Har bilen heftelser/gjeld?

Nei

Reklamasjonsrett ved kjøp fra privatperson

Normalt gjelder 2 års reklamasjonsfrist mot skjulte feil og mangler. Reklamasjonsretten brukes hvis produktet er i dårligere stand enn det du hadde grunn til å forvente, basert på informasjon du har fått fra selger. Vær oppmerksom på at begge parter kan fraskrive seg reklamasjonsretten dersom dette er tydelig spesifisert i en kjøpekontrakt.

Les mer om reklamasjonsrett på FINNs hjelpesenter.

5725 Vaksdal Logg inn Logg inn for å se hele adressen
Kart
Du må være logget inn for å se profilen

Nyttige lenker

Sjekk tid for neste EU-kontroll

Sjekk heftelser på TF25529

Få tilbud på lån for denne bilen

Annonseinformasjon

FINN-kode 352822798
Sist endret 3. jun. 2024 20:23

Rapporter annonse

Annonsen kan være mangelfull. Fullstendig salgsinformasjon og opplysninger iht. opplysningsplikt kan fås direkte fra selger.