SOLGT

Volkswagen Golf

GTI 16v

Modellår
1987
Kilometer
207 000 km
Girkasse
Manuell
Drivstoff
Bensin

Beskrivelse

HANDPENGAR MOTTATT OG BILEN ER RESERVERT TIL NESTE VEKE.


Fin urestaurert bil med flott interiør. Så å seie strøkne Edition One seter. Tidsriktige ATS cup 7x15 med 195/45-15 dekk. Nettopp montert Blaupunkt Bremen spelar som ser som den er frå 1980-talet, men har både Bluetooth og DAB+.

Bilen er ikkje strøken, men i fin bruksstand. Minimalt med rust, og den har aldri vore verken rustsveisa eller heillakkert. Eg har tatt eit par rustflekkar i underkant av frontruta og i underkant av venstre bakrute samt under lista på førardøra. Rutene vart sjølvsagt tatt ut for å komme til i karmane. Dette er sandblåst og behandla med syregrunning, epoksygrunning , 2k lakk og 2k klarlakk. Resultatet er ikkje 100%, men ok og det er ikkje teikn på at rusta har komme tilbake, sjølvom det er mange år sidan dette vart gjort. I tillegg har eg tatt ein flekk på kanalen, under folien. Her er det skore vekk ein del av folien for å komme til. Heller ikkje her er det teikn til rust etter 10 år. (Har ny folie liggande, men den er ikkje montert pga at dette ikkje er særleg synleg og fordi eg ei stund vurderte å få bilen heillakkert og heilt strøken. Sparte derfor på folien). Ny folie fylgjer med.

Sjå eigne bileter av desse områda.

Kanten på skjermbogane bak er ein gong fjerna for å gi plass til breiare hjul. Her er det kitta opp og behandla. Har ikkje funne rust. Dette viser sjølvsagt ikkje då det er bak skjermbogelistene.

Importert frå Tyskland og har fått med det som var godkjent der nede i vognkortet.

Godkjent med VMAXX justerbart senkesett, Hartmann eksos og står med 163hk i vognkort.

Dette pga at bilen på slutten av 80-talet var hos Hartmann og fekk montert tuning for så å bli benka med 163hk. (Har papira på dette).

I etterkant er dei kvasse kammane demontert og det er innmontert kammar frå ABF-motor. (Litt kvassare enn originale KR kammar, men mildare enne Hartmann kammane, og gjer det mykje lettare å få tima opp motoren. Har Hartmann kammane liggande, så dei fylgjer også med).

Eg har eigd bilen i 12 år. (Dei siste 4 åra har bilen vore registrert).. I løpet av desse åra er det meste gjennomgått. Alt i alt ein flott bil, men den er 34 år gammal, så her er sjølvsagt litt å sette fingeren på.

Pga stor pågang og mange spørsmål har eg oppdatert tekst og bileter med dei skavankane eg veit om. ( Mykje fokus på det negative på dei siste bileta, men prøver å vise alt. Totalt sett tør eg påstå at bilen er meget bra)

Ring for meir info.

Spesifikasjoner

Omregistrering
1 707 kr (avgifter)
Pris eks omreg
115 000 kr
Årsavgift
Les mer
Farge
Grå
Fargebeskrivelse
Atlas grå
Interiørfarge
Grå
Hjuldrift
Forhjulsdrift
Effekt
163 Hk
Sylindervolum
1,8 l
Vekt
960 kg
Antall seter
5
Karosseri
Kombi 3-dørs
Antall dører
3
Bilen står i
Norge
Salgsform
Bruktbil til salgs
Avgiftsklasse
Personbil
Reg.nr.
TV92082
Chassis nr. (VIN)
WVWZZZ19ZHW587797

Utstyr

  • AUX-inngang
  • Bluetooth
  • Kjørecomputer
  • Metallic lakk
  • Radio DAB+
  • Servostyring
  • Soltak/glasstak
  • Sommerhjul
  • Sportsseter

Reklamasjonsrett ved kjøp fra privatperson

Normalt gjelder 2 års reklamasjonsfrist mot skjulte feil og mangler. Reklamasjonsretten brukes hvis produktet er i dårligere stand enn det du hadde grunn til å forvente, basert på informasjon du har fått fra selger. Vær oppmerksom på at begge parter kan fraskrive seg reklamasjonsretten dersom dette er tydelig spesifisert i en kjøpekontrakt.

Les mer om reklamasjonsrett på FINNs hjelpesenter.

6977 Bygstad Logg inn Logg inn for å se hele adressen
Kart
Du må være logget inn for å se profilen

Nyttige lenker

Sjekk tid for neste EU-kontroll

Sjekk heftelser på TV92082

Få tilbud på lån for denne bilen

Annonseinformasjon

FINN-kode 228875584
Sist endret 18. sep. 2021 14:00

Rapporter annonse

Annonsen kan være mangelfull. Fullstendig salgsinformasjon og opplysninger iht. opplysningsplikt kan fås direkte fra selger.