SOLGT

Maxi Maxi 84

Kjekk seglbåt - også for urøynde seglarar

Pris 80 000 kr
Båten står i
Norge
Tilstand
Brukt
Type
Seilbåt/Motorseiler
Merke
Maxi
Modell
Maxi 84
Årsmodell
1981
Lengde i fot
28 fot
Bredde
295 cm
Dybde
150 cm
Motor Inkl.
Ja
Motorfabrikant
Vetus
Motortype
Innenbords
Motorstr.
16 hk
Maks fart
7 knop
Drivstoff
Diesel
Materiale
Plast
Farge
kvit
Soveplasser
5
Sjekk Småbåtregisteret

Beskrivelse

Etter 12 år med seglbåt, har me bestemt oss for å selja og kjøpt open båt med påhengs i staden. Og det med tungt hjerta, me likar seglbåten vår, men me har brukt han for lite dei siste åra, og då mest til fisking og som motorbåt. Segling har det blitt mindre med. Alderen på eigarane spelar òg ei rolle.

Maxi 84 er ein svensk klassikar, bygd for at vanlege folk skulle ha råd til seglbåt, solid og godt arbeid som held seg godt over mange år. 

Denne båten fekk ny motor for 19 år sidan, ein Vetus 16 hk, som går som ei klokke og aldri har nekta å starta. Nye filter i fjor. Reservefilter følgjer med. VP seglbåtdrev og faldepropell. 

Dei to seglbåtinstrumenta, logg og djupnemålar, bukka under for tidas tann for tre-fire år sidan. Difor veit eg ikkje kor mange timar motoren har gått. Men eg trur nok det ligg mellom 600 og 800 timar. Ikkje meir. Då eg ikkje har fått tak i liknande instrument, har eg i staden installert ekkolodd/fishfinder med fartsmåling.

To segl som er nokre år yngre enn motoren. Rullegenoa (genoa 1) som kan trekkjast nesten bak til cockpit, og seglar godt aleine. Storsegl med lazybag. Spinnaker og -bom, som eg aldri har brukt, og det hadde ikkje den førre eigaren heller, sa han.  Dei to hovudsegla treng ein vask, men er elles heile og relativt lite brukte. Me har for det meste vore godvêrsseglarar.

For fem år sidan kjøpte me ny sprayhood og cockpitkalesje med ståhøgde. 

I salongen er det god plass til å sitja for 4-5 personar, det er stikk-køy og benker med soveplass til ein vaksen og eit barn. I forpiggen er det plass til to. Her er også eit pentry med vask, kjøleboks, spritkokar (Optimus) og godt med skap.

 Mellom salong og forpigg er det toalett med pumpe, du kan velja mellom septikk eller rett i sjøen. Ein vask er det der også, spegl, skap til toalettsaker og eit lite garderobeskap.

I benkene er det god oppbevaringsplass.

Det er tre batteri, det vil seia at det eine forbruksbatteriet må skiftast, det andre er nytt av året.

Godt med tauverk og fendrar, nye rekkewirear for to år sidan, to anker og div. Utstyr. 

Eg har hatt han på land og smurt han under, skifta anode og pussa propell i vår. 

Båten ligg i Leirvik på Stord. Eg har sett pris i høve til kva liknande båtar vert lagde ut for på Finn,

men er open for diskusjon om pris og bud både under og over. Kjekk båt er det i alle fall, særleg fin for dei som ikkje har segla før (slik eg ikkje hadde gjort i større grad) og for små familar med båtdraumar i sommarvarmen.



Utstyr

Pumpetoalett, Garmin ekkolodd, kokeapparat, VHF(aldri brukt av meg), dieselvarmar som eg heller aldri har brukt. Kjøleboks.

Reklamasjonsrett ved kjøp fra privatperson

Normalt gjelder 2 års reklamasjonsfrist mot skjulte feil og mangler. Reklamasjonsretten brukes hvis produktet er i dårligere stand enn det du hadde grunn til å forvente, basert på informasjon du har fått fra selger. Vær oppmerksom på at begge parter kan fraskrive seg reklamasjonsretten dersom dette er tydelig spesifisert i en kjøpekontrakt.

Les mer om reklamasjonsrett på FINNs hjelpesenter.

Du må være logget inn for å se profilen

Kjøpekontrakt

  • Ferdig utfylt kontrakt
  • 1 måned båtforsikring til kr 0,-
  • Digital signering

Storhaugvegen 81, 5416 Stord

Annonseinformasjon

FINN-kode 306440060
Sist endret 8. jul. 2023 10:24

Rapporter annonse

Annonsen kan være mangelfull. Fullstendig salgsinformasjon og opplysninger iht. opplysningsplikt kan fås direkte fra selger.