Bildegalleri
Selger min ubrukte og ubrukelige drittklokke FENIX 3 Sapphire HR
Beskrivelse av varen
Tilstand: Ny
I januar kjøpte eg meg ny treningsklokke, den BESTE blei eg fortalt. Det er den største dritten eg nokon gong har vore borte i. Fullstendig ubrukeleg for vanlege folk som har passert 40 og har litt dårlegare syn enn 20-30-åringar. Samt at den har alldeles ubrukeleg oppsett. Den er nesten umogleg å finne ut av. Den er så lite praktisk brukbar og programmert, at det er nok berre datanerdane som har utvikla klokka og deira nærmaste nerdekrets som verkeleg forstår seg på den. Sjølvsagt finns det nokre få til som forstår seg på den, av den grunn at dei er ekstremt tekniske av seg og har god tid til slikt. Makan til ubrukeleg dritt skal du leita lenge etter. Er du ikkje oppvaksen med data og elskar å trykka i dagevis for å finne ut kossen ting virkar, må du overhode ikkje tenke tanken på å kjøpe den. Eg er sikker på at dei som har utvikla klokka aldri har trent, tenkt å trena eller kjem nokon gong i sitt liv til å trena. Dei har sikkert abonnement hos Hansa og Maarud på Cola og chips….
Viss du insisterer på å kjøpa klokka, og kan dokumentera at du er rette personen, så skal eg vurdera å selga den til deg. Men eg fraskriver meg alt ansvar for eventuelle utbrudd fra di side når du ikkje finn ut korleis den virkar, og dei medfølgande skadene du kjem til å gjera rundt deg i frustrasjon. Eg hadde lite hår på hovudet før eg kjøpte den, nå har eg ikkje eit strå lenger…. Hadde klokka kunna fortalt alt eg har sagt til den, måtte eg ha most den i kjøttkverna og gravd den ned 6 fot under jorda. Kvitering og garanti medfølger under tvil! Sendes mot kr 100,- i frakt.
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingAnnonsens metadata
Sist endret: 15.5.2017, 10:04 ・ FINN-kode: 96502585