Fantastisk brudekjole med mange lag

Til salgs
6 000 kr
Flott Watters Wtoo Cynthia brudekjole/ballkjole i ekstra lengde til salgs. Eg sel min heilt spesielle og flotte Cynthia 15707 kjole frå det amerikanske brudekjolemerket Watters Wtoo. Kjolen var ferdig sydd i januar 2016, og blei brukt i september same året. Den er kjøpt hjå Kristins brudesalong i Oslo. Dette er den einaste salongen i Noreg som fører denne modellen. Ny pris for kjolen var 16.900 kroner. Eg ønsker ikkje å sende kjolen utan at den som skal bruke kjolen kjem og prøvar den på i dagslys. OM KJOLEN Kjolen er i klassisk A-form/ballkjole. Fargen frå leverandøren heiter Ivory, og den er kvit og ikkje champagnefarga i stoffet. Det er ingen "bling" på kjolen, den er bare stoff, tyll og blonder. Kjolen blei ikkje veldig skitten på bryllupsdagen, og er rensa hjå Sartor Vask og Rens, som er ekspertar på rensing av brudekjolar. Skjørtet er stort og "fluffy" med mange lag av ulike stoff og tyll. Nedst på skjørtet er det blonder, produsenten sjølv kallar dette blondemotivet for "adette motiv". Når ein set seg ned "puffar" skjørtet opp, så det ser skikkelig flott ut (sjå biletet frå der vi sit utanfor kyrkja). Kjolen er veldig fin bak, og personleg følte ikkje eg at eg trengte å ha slør til denne kjolen pga dei forseggjorte blondedetaljane bak på det lange slepet. Toppen er stropplaus og litt hjarteforma. Den er i blonder. Ryggen er lav. Inni toppen er det korsett som gjer at kjolen heldt seg oppe, og personleg opplevde eg ikkje å måtte "hipse" på kjolen i løpet av dagen. Kjolen er lukka med glidelås, ingen med snøring eller knappar. Eit tynt, kvitt band skiller toppen og skjørtet. Her går det an å bruke alternative belter eller bånd, dersom ein til dømes ønsker å tilføre litt glitter og stas til kjolen. SYING OG LENGDE Kjolen er sydd frå leverandør med 5 cm ekstra lengde på skjørtet, noko som gjer at eg som er 179 høg kunne gå med 5 cm høge hælar på dagen. I etterkant av kjøpet fekk eg moderert kjolen litt i bysten for at den skulle sitte betre, ytterskjørtet blei sydd opp ein liten centimeter slik at det skulle komme over bakken, og eg fekk sydd inn to danse/bærehemper. Syjobben blei gjort av designaren Anja Rambjør. Eg vil anbefale å ha A-forma underskjørt med to ringar til denne kjolen, då den då vil sjå meir naturlig ut når ein "svinger" seg, den blir enklare og bære, og ein får litt ekstra luft under skjørtet. Så mange lag med stoff kan bli varmt på beina. Eg lånte underskjørt av ei venninne, så det føl ikkje med i salet av kjolen. LENKER Kjolen er ikkje lenger i produksjon, og har ikkje ei nettside, men ein kan søke på "Watters Cynthia gown 15707" på nettet for å få opp nokre resultat frå den. Lenke til Anja Rambjør (ho som gjorde sømarbeidet) si facebookside: https://www.facebook.com/rambjoer-184071114966268/ KONTAKT OG FRAKT Eg bur på Bønes, 10 minutt frå Bergen sentrum og tar deg gjerne imot heime hos meg dersom du ønsker å prøve kjolen. Ved eventuell prøving vil eg ha på meg munnbind og ha handsprit tilgjengelig. Eg har ikkje husdyr, så det er ingen dyrehår som kan ha funnet veg til kjolen (i tilfelle du skulle vere allergisk). Kjolen har hengt tørt inne i huset heile tida, og aldri i ein fuktig eller kald kjellarbod. Eg vil ikkje anbefale nokon å kjøpe kjolen uprøvd, då ein aldri veit korleis den vil sitte på deg før du har prøvd den på. Ta gjerne kontakt om du ønsker å prøve kjolen, heilt uforpliktande. Eg ser fram til å høyre frå deg! Eg var svært nøgd med denne kjolen og håper no at den kan gjere ei ny brud lukkeleg på den store dagen.
Størrelse M - 38
Tilstand Brukt

5155 Bønes

Du må være logget inn for å se profilen

DU SPARER MILJØET

38 kg CO2

Ved å kjøpe brukt i stedet for nytt, forlenger du varens livsløp og sparer utslipp forbundet med produksjon av en ny vare.

Les mer i bruktmarkedsrapporten.

Miljøbesparelse for hver annonse er et gjennomsnitt av varene innenfor dens kategori.

Prøv Helthjem, fra 80 kr

Vi hjelper selger å sende varen til deg

Annonseinformasjon

FINN-kode 89888152
Sist endret 2. jun. 2021 10:04

Rapporter annonse