Gå til annonsen

Bildegalleri

  • Galleribilde
  • Galleribilde
  • Galleribilde
 (1/3)
Du bruker en gammel nettleser, som ikke støtter denne bildevisningen. Du kan se alle bildene i bildegalleriet.
Inaktiv

Beskrivelse

Særs energikonsumerande peisinnsats seljast til den som ikkje bryr seg om effekt og ikkje har kasta seg på miljøbølga. Denne peisinnsatsen frå Jøtul kan brenne seg gjennom ein halv regnskog på ein kveld hvis ein går inn for det. Og ikkje berre blir du tvungen til å fyre unødig mykje, men kråkene nyt særs godt av han. Peisen gir kun strålevarme som i stor grad forsvinn ut pipa. Sit du nær peisen med nasen godt oppi flammane, vert du særs varm framme og iskald bak. Bryr du deg katten om energikrav og andre nymoderne idear, og er meir opptatt av å sippe cava på ein dau isbjørn, ja då er denne peisinnsatsen noko for deg. Den er vakkert illustrert med noko som lignar eit brennande helvete eller hekser som vert brende på bålet. Og om du vert lei av å sjå på på morbide forteljingar om menneskeleg toskeskap, kan du med eit enkelt grep skubbe støypejernsdørene til sides og stirre inn i flammane. Eller du kan dra fram gnistfangaren hvis du vil unngå å få gnist på golvet eller auget. Alt er ein del av i peisen. Om du ynskjer denne peisen, så er den din for lusne ti sølvpengar, justert for inflasjon 950,- kroner. Og sidan du truleg køyrer ein bil som er stor og brukar over ein liter på mila, må du sjølv komme og hente han. Ikkje for det: Du treng ein stor bil for å kunne frakte dette droget av støypejern Den er óg velegna som utepeis. Til tross for mitt harselas er det mange som tykkjer at peisen er fin. Og den er nesten ny. Den vart kjøpt inn ein gong mellom 2008 og 2011. Ein "løp og kjøp" peis der, med andre ord. Mål: Høgde: 120 cm Bredde: 82 cm Djubde: 75 cm For rett vegg. Jøtul nr 10
NB: Knappen for å vise hele beskrivelsen har kun en visuell effekt.
NB: Knappen for å vise hele beskrivelsen har kun en visuell effekt.

Nøkkelinfo

Tilstand
Brukt
Kart med kartnål5104 Eidsvåg i Åsane

Annonseinformasjon

FINN-kode65279309
Sist endret04. des. 2015 07:53

Rapporter annonse

Fyr for kråkene med Jøtul peis

Til salgs

950 kr

Profilinfo

Du må være logget inn for å se profilen og sende melding

Logg inn