Bildegalleri
Franken-Les Paul
Beskrivelse av varen
Tilstand: Brukt
Gitartype: El-gitarer
Denne gitaren er ein heldig kombinasjon av ein lettvekts og høgkvalitets Stewmac-kropp og -hals og innmaten frå ein Epiphone Les Paul, med høgst brukbare (og splittbare!) Probucker-mikrofonar og skikkeleg elektronikk. Lakkarbeldet kan me derimot seia mangt om, men det meste av det har eg allereie sagt sjølv, så då slepp du. Lat meg berre seia at lakkerar neppe er mitt neste yrke. Derimot er eg ikkje så verst til å skru saman gitarar, og denne har òg gode deler! Halsen er rett og fin, med lekre perlemorsinnlegg og gode band. Kroppen har låg vekt og er resonant og stabil.
Resultatet er dermed at du får ein rimeleg og skikkeleg god gitar som stikk seg nokså greitt ut og er lett å finne att i skogen. Han er stygg nok til at du trygt kan spela pønk på han, og god nok til at du kan spela alt anna òg. Kan sendast.
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingAnnonsens metadata
Sist endret: 19.5.2024, 08:29 ・ FINN-kode: 353475264