Bildegalleri
Schäfer
Beskrivelse av varen
Ledig kvalp til bruksinterressert person.
Mezi var reservert. Ho blei 8 veker 26.mai, er aktiv og glad i folk.
Eg ønskjer ein besteven for ho, som vil trene bruks og lp.
Interessert? Ring meg - Kva erfaring har du? Kva skal hunden brukast til?
Mezi er chipmerka, vaksinert, registrert i NKK, har helsebok og pass.
Mezi og kullet hennar har IC på 0,67% (innavlsgradsauke) og ALC 56,16% (tapt stamfar) på 11 generasjonar, utrekna i working-dog. Sidan begge foreldre er testa og DM-fri, er heile kullet DM-frie. Index på kullet er 113.
Kennel Citagarden har schäfer av brukslinjer, er Fci-godkjent 2008 og oppdrett siden dengang.
Målet vårt er å avle fram friske, anatomisk korrekte, oppmerksame, lærenemme team-arbeidarar. Hundane skal vere omgjengelege og stødige, men trenge føraren sin og ville samarbeide.
Vi brukar hundar som er frå veldokumenterte kull. Om ein hannhund er bra, treng ikkje kullet hans å vere bra. Vi unngår hannar frå kull med mørketal.
Det må vere kjend mental status både på hannhund og kullet hans. Hundane skal vere førbare, med drifter og konsentrasjon som varer. Då kan vi bruke dei på tispene våre, som vi veit mykje om :-)
Ingen hund er feilfri. Det kan ligge recessive gen, som vi ikkje har kontroll på. Om vi skal unngå absolutt alt som kan skje, er det ingen å avle på. Kva ein vil prioritere, akseptere og ta omsyn til er subjektivt.
Vi vel å vere opne når det dukkar opp "feil" på eigne hundar. Oppdrettarar som påstår at deira linjer er heilt utan sjukdom/defektar trur vi ikkje på. :)
Dette er hundar for deg som vil trene lydighet til konkurranse,
som vil trene bruks til konkurranse eller redningshund.
Dette er ikkje hund som "familiehund", dei treng ein vaksen som "kan hund" og trenar. Det skal vere hund som passar til kjøpar når den er over kvalpe- og unghund-stadiet. Våre linjer er førbare, og treng ein førar/eigar som den kan elske og følje overalt.
Om du er interessert i hund herifrå - fortel om deg sjølv, din erfaring med hund og kva planar du har.
Det er viktig med rett type schæfer til kjøpar. Desse krev meir av eigar enn schæfer frå "utstillingslinjer".
NB: Alle kjøparar må skrive under på kontrakt om at hundane skal HD/AD-røntkast mellom 1 år og 16 mnd + gjennomføre unghundbeskriving MH.
Er du på leit etter kvalp ? Skal du ha hund til trening i NRH eller tilsvarande? Då er du velkomen til å ta kontakt på telefon. Om du vil ha link til videoar/meir info - så send ein melding.
Schæfer schafer schäfer brukslinjer valp schäferhund
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingLånepriser
Eff.rente 11,00 %. 120 000 o/5 år. Kostnad: 34 341 kr. Totalt 154 341 kr.
Annonsens metadata
Sist endret: 27.5.2024, 14:12 ・ FINN-kode: 353353144