Bildegalleri
Stor, SNILL og smellvakker islandshest 5gjengar vallak, 9 år, 147 mkh
Beskrivelse av varen
Mankehøyde: 147 cm
Hugi frå Fagerholt NO2015101082 (Stamtavle får seriøst interesserte)
Snill og god femgjengar med ei spesielt vakker framtoning. Høfleg og uproblematisk å handtere. Han velger tølt, fantastisk på tur. Stort gyngehestskritt. Trør godt innunder seg sjølv. Traver flott under seg sjølv, og har fin rullande galopp. Trav treng meir trening.
Hugi gjer alltid sitt beste for deg, og lærer fort. I det siste har han vore gjennom store mengder bakkearbeid. Han har full fokus på deg i rundpaddock, i ulike vikeøvingar i leietau og i full fart i longsjering. Han er veldig sosial, kosete og kontaktsøkande, og hjelper gjerne til med møkking i paddocken. Verdas beste ruslekompis og kaffikompis. Trivast betre på tur enn på bane.
Går like gjerne på tur aleine som med andre. Kan titte litt, men lytter godt til rytter og har lett for bæring på slakke tøylar. Ikkje stressa, middels motor. Går an å gire opp, og har gode bremser. Milde signal, lydhøyr.
Snill med hovslagar og veterinær.
Nyleg fått vaksine og tannrasp, vaska og rensa huset rundt urinrøret.
Røntga for spatt, ingen utslag. Bøyeprøve i år, ingen utslag.
Seriøst interesserte bes ta kontakt så raskt som mogleg. Ser fram til hyggeleg hesteprat.
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingLånepriser
Eff.rente 11,00 %. 120 000 o/5 år. Kostnad: 34 341 kr. Totalt 154 341 kr.
Annonsens metadata
Sist endret: 18.5.2024, 14:37 ・ FINN-kode: 352997635