Bildegalleri
Yamaha AW4416 opptaksmaskin m/ADAT-kort
Beskrivelse av varen
Tilstand: Brukt
Eg sel den velkjende, ja endåtil berømte, 16-spors opptaksmaskina Yamaha AW4416. Denne kan alt. Faktisk. Ein 16-spors opptakar, sampler, lydredigeringspult, metronom med skikkeleg tempokart og ikkje minst ein fullautomatisert ordentleg miksar frå 02-serien til Yamaha (à la 02R), komplett med bevegelege faderar, gode effektar, gate og kompressor på alle kanalar. Fleire studio rundt om tviheld på sine AW4416-maskiner, og det er fordi dei er gode. Spel inn heilt utan PC og i god kvalitet!
Maskina er i plettfri stand, nyss reingjort (stikkord: gamalt og klissent gummibelegg er fjerna) og oppdatert til den siste programvareversjonen som kom for desse. Her er òg det med eit Yamaha MY8-AT YGDAI ADAT-kort som åleine er verdt prisen. Kopla med eit lydkort eller forforsterkarar med optisk inn/ut får du 8 ekstra inn- og utgangar. Sjølve maskina var ein gong skamdyr, men det veit du nok frå før. Eg sel ho fordi ho rett og slett blir for stor og kraftig for meg.
NB: Det er ein kjend sak at RTC-brikka skal bytast på desse ein gong, men det trengst ikkje no. Alt verkar perfekt. Eg legg ved ein DIP-haldar til lodding, slik at du ein gong kan setja inn ny brikke enkelt. Sjølve prosessen er godt dokumentert, men eg ville sett bort sjølve loddinga til andre. Her er det altså ikkje aktuelt enno. Plugg i og spel inn! Les gjerne den grundige og entusiastiske meldinga frå Sound on sound: https://www.soundonsound.com/reviews/yamaha-aw4416-0
Maskina kan sendast. Byte i gitar-, bass- eller anna musikkutstyr kan vera aktuelt.
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingAnnonsens metadata
Sist endret: 9.5.2024, 10:41 ・ FINN-kode: 352099641