Bildegalleri
Bichon Havanais. Leveringsklare i juli.
Beskrivelse av varen
Vår nydelege og snille Senorita har kvalpar (f. 16/5). Dei vil vera leveringsklare i midten av juli (8 veker 11.juli) - eit tidspunkt som kanskje kan passe for å ta imot eit nytt firbeint familiemedlem? Ta det med i planlegging av sommaren og ta kontakt om de er interessert i ein trygg og triveleg familiehund!
Begge foreldre kjem frå anerkjente oppdrettarar, Senorita frå Kennel Vaalebjønn og Martin (Monsieur Maverick) frå Kennel House of Havanna som i dag held til hos Kennel Skyggeliten. Begge foreldre er helsesjekka, augelyst og patellafri. Friske og glade hundar. Kvalpane blir registrerte i NKK, chippa og vaksinerte før levering. Vi følgjer også andre helseråd og har kontakt med veterinær.
Bichon Havanais er ein veldig populær familiehund. Vi er ein familie på fem med ungar i alderen 8, 12 og 15 som er veldig glade i våre to Bichon Havanaisar. Kvalpane får mykje kos og blir sosialiserte med ungar frå starten.
Vi oppdaterer etterkvart!
Vil du vita meir om rasen? Norsk kennel klubb: https://www.nkk.no/hunderaser-og-kjop-av-hund/rasevelger/raser/bichon-havanais
Norsk Bichon Havanais Klubb: https://nbhk.info/sider.php?s=6&m=6
Om du er interessert i kvalp, høyrer vi gjerne frå deg!
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingLånepriser
Eff.rente 11,00 %. 120 000 o/5 år. Kostnad: 34 341 kr. Totalt 154 341 kr.
Annonsens metadata
Sist endret: 20.5.2024, 20:29 ・ FINN-kode: 351863150