Bildegalleri
Tibetansk terrier til sals
Beskrivelse av varen
Lucy er ei Tibetansk Terrier-tispe som er 2 år (født 01.03.22).
Lucy er ein flott og morsom hund. Ho er glad i familien sin og kan vere ein skikkelig skøyer. Ho er van med barn og i familien er det også ein annan hund som ho går godt overeins med. Ho er glad i å trene og liker lange turar i skog og fjell. Ho er van med å gå i band og med line og reagerer normalt effektivt på innkalling. Det er ei utfordring for henne å treffe hundar ho ikkje kjenner dersom ho er i band. Då reagerer ho med høglytt bjeffing og blir svært stressa, det er også krevjande å flytte fokus til andre oppgåver i slike situasjonar. Truleg treng ho lang passeringsavstand i starten for å kunne føle seg trygg. Får Lucy bli kjent med andre hundar, der ho får tilnærme seg dei på avstand for så å bli kjent med dei gradvis, så kosar ho seg veldig. Ho har fleire leikekompisar som ho møter jamnleg utan problem. Vi bur i tettbebygd strøk med mange hundar, så det er vanskelig å «kjenne» alle. Derfor ser vi oss om etter ein ny heim til Lucy.
Lucy er fulgt opp med vaksiner hos veterinær. Ho er van med bilkøyring, klipping av negler og klipping av pels. Ho er og van med børsting av pels, men blir fort litt utolmodig i denne samaheng.
Kven er du som kontakter oss:
- Har erfaring med hund frå før
- Rolig og tydelig i kommunikasjonen
- Bur litt avsidesliggande
For meir info om rasen kan du sjå her: https://www.nkk.no/raser/tibetansk-terrier-article8194-815.html
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingAnnonsens metadata
Sist endret: 13.5.2024, 10:09 ・ FINN-kode: 351499986