Bildegalleri
Trygg læremester ynskjes! Stor ponni/liten hest/fjordhest..
Beskrivelse av varen
Me leitar etter ein stor kat 1 ponni/fjording til dattra vår som blir 14 år i år. Eg, mor, har drevet med hest i fleire år, men har hatt hestepause når ungane no har vore små.
Me er no klare for hestelivet igjen.
Me bur på eit småbruk i Myrkdalen på Voss. Hesten vil bli ståande på stall heime hjå oss. Eg har kjøpt meg ei to års fjordhoppe som den blir ståande saman med.
Då dattra vår er ei forsiktig jente ynskjer me oss ein roleg hest utan for mykje motor og utan dei store uvanane. Bør vera så trafikksikker som mogleg.
Ho ynskjer å delta på sprang/dressurtimar.
Hesten må difor kunna det grunnleggande innan dressur og sprang. Dette trenger ikkje vera ein hest for dei store klassane, gjerne ein godt utdanna hest som er ferdig med dei høge klassane og ynskjer seg ein rolegare tilværelse. Ettersom hesten blir ståande på ein liten stall, må den kunna gå på tur åleine og kunne stå att på stall/luftegård.
Veldig kjekt om den er innkøyrt.
Ettersom eg solgt det meste av hesteutstyret mitt når eg tok pause, er det ynskjeleg at det følger med noko utstyr, iallefall sal som passer hesten.
Me håpar på å finne ein trygg og god læremester for dattra vår, ta gjerne kontakt om du kan ha hesten for oss.
Kva kan me ellers tilby:
Mykje utetid.
Oppfylging av vaksne med erfaring.
Flotte sommarbeiter.
Mykje kos og godt stell.
Lav prisklasse.
Me bur i Myrkdalen på Voss. Ta gjerne kontakt om du kan ha hesten som passar for oss!
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingAnnonsens metadata
Sist endret: 20.5.2024, 20:11 ・ FINN-kode: 350899816