Bildegalleri
Komp - No isolation, enkel videokontakt med eldre i familien
Beskrivelse av varen
Tilstand: Brukt
Her får du eit supert hjelpemiddel til å halde kontakten med familemedlemmar og venner som ikkje er så flinke med data og diverse appar. Dette er faktisk ei datamaskin med skjerm på 21 tommer. Det er likevel ikkje meir enn éin knapp å halde styr på, så maskina kan enkelt brukast av alle uansett digital kunnskap og erfaring: av/på. Resten ordnar maskina sjølv.
Du kan gjennom videosamtaler frå mobilen din lett prate med personen framfor maskina, og vedkomande ser og høyrer deg via den store fargeskjermen (21"). Dette skjer gjennom Komp-appen som ligg lett tilgjengeleg på nettet. Du ser sjølvsagt også den som sit framfor Komp-maskina.
Du styrer alt frå denne appen og kan også leggje inn still-bilete med tekst. Det kjem eit lydsignal frå maskina når nytt bilete er lagt inn så mottakaren heile tida veit når det skjer ting. All lyd kan sjølvsagt regulerast trinnlaust. Du styrer sjølv kor lenge bileta skal vera synlege for mottakaren. Klokkeslett, dato og vêrmelding kjem også opp.
Når du ringjer Komp-maskina for ein samtale med vedkomande med Komp'en, kjem det eit tydeleg ringjesignal som varer i 10 sek så vedkomande kan koma seg på plass framfor skjermen. Deretter dukkar ditt blide ansikt automatisk opp. Så lenge maskina er skrudd på, skjer alt automatisk. Du kan derfor også ringje opp berre for å sjå om alt ser ok ut hjå vedkomande dersom maskina er på.
Du knyter maskina greitt opp mot nettverket som finst der vedkomande bur, via appen. Om det ikkje finst nettverk, kan du bestille tilgang frå No isolation for ein månadleg sum. Her har me brukt nettverket på den aktuelle institusjonen. Vår brukar har hatt stor glede av Komp'en ettersom vedkomande ikkje hadde digital erfaring. Komp'en er brukt i 1,5 år.
Maskina kan leverast fraktfritt på strekninga Hallingdal-Kristiansund ved handel før 5.mai.
(sjå elles https://komp.family/)
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingAnnonsens metadata
Sist endret: 25.4.2024, 10:44 ・ FINN-kode: 350175434