Bildegalleri
Manuell grasklyppar
Beskrivelse av varen
Tilstand: Brukt
Har du 20 m2 hage og vurderer robotklyppar? Spar 9500 kr og kjøp min utmerka Gudenaa GU400. Du treng verken app, mobiltelefon eller straum. Grasklypparen vil ikkje senda plenfoto til eit sosialt nettverk, han forureinar ikkje, og lagar ikkje meir lyd enn at ugudelege kan klyppa i kyrkjetida og konservative 1. mai.
Sjølv har eg eigd fleire manuelle plenklypparar, både Gardena og Husqvarna, men denne er best. Lat deg ikkje lura av ein lett klyppar som hoppar og dansar over graset utan å klyppa det skikkeleg. Denne er stødig, og knivane grip fatt i både timotei og kløver og gjer kort prosess; med andre ord ein dugande grasbøddel. Men kva gjer det når me ikkje lenger har grasplen? Der det før var ein gjenstridig hage-og moseflekk er det no dansk elvesingel, som grasklypparen kan gjera lite med. Den heldige kjøparen av min Ferrariraude grasklyppar vil kanskje få ein bonushagereiskap på kjøpet.
Les meir om produktet her: https://alko-garden.no/hagemaskiner/plenpleie/sylinderklippere/sylinderklipper-gudenaa-gu-400.html
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingAnnonsens metadata
Sist endret: 18.4.2024, 17:59 ・ FINN-kode: 349008054