Bildegalleri
Ynskjer å kjøpa varmblods ridehest.
Beskrivelse av varen
Mankehøyde: 160 cm
Eg har akkurat sellt ponnien min, og er på leit etter ein ny besteven.
Eg er oppvaksen med hest og har ridd sidan eg var lita. Starta på dølahesten til mor mi. Men det er dei tre siste åra saman med sportsponnien min, at eg har utvikla meg og lært mest. Med ho starta eg mitt fyrste stevne, og me har konkurrert saman opp til LB i dressur og 80 cm sprang.
Eg ynskjer meg ein hest som eg kan trena og starta litt stevne med, aller helst ein spranghest, og går han bra dressur i tillegg er det ein stor bonus. Eg som skal ri han er 14 år. Eg trur eg er ein uredd ryttar med god balanse.
Foreldra mine er bønder, så me har hestane på ein liten stall, med plass til tre hestar, heime på garden. Mor mi har og vakse opp med hest, og hatt eigne hestar heile livet. Den fyrste hadde ho i 23 år, og no har ho hatt dotter hennar i 21 år, så eg får ikkje akkurat så mykje “kjøpserfaringhjelp” frå ho. Men ho hjelper meg med alt anna når det gjeld hest. Mor mi har og ei 3 år gamal dølahoppe.
Me produsera vårt eige høy, og fôrar alltid hestane etter appetitt 4 gonger dagleg. Om sommaren går dei på store beiter i grupper på omlag 6 dyr. Me bur på Vestlandet, så det er bratte beiter og ein del stein i beita. Hestefysioterapauten vår elskar det - hovslagaren vår hatar det. Me har flott natur med mange turmuligheiter rundt oss, men når me skal trena på ridebane må me ein halvtime i hestetransport. Eg ynskjer at me tek turen minimum ein gang i veka, men det er ikkje alltid mor mi kan køyra så ofte som eg ynskjer. Det er eit aktivt hestemiljø her me bur med god instruksjon av flinke sprang og dressurtrenarar.
Eg ynskjer meg ein frisk vallak eller hoppe, med god framdrift. Eg tykkjer ikkje det er så nøye om han eller ho er stor, men mor mi meinar at den bør liggja rundt 160. Størrelse er uansett ikkje avgjerande om det meste andre passar godt. Også er det ei stor føremon om hesten ikkje er alt for gamal. Me har ikkje det høgste budsjettet, men me lovar ein heim med fokus på god dyrevelferd, variert trening, mykje utetid men isolert stall å komma inn i på kvelden.
Eg blir veldig glad om du har hesten som kan passa for meg. Send gjerne mor mi ein melding her på finn i fyrste omgang.
Om du ynskjer å sjå litt meir om meg kan du gå inn på ailin.elvagjeng på instagram.
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingAnnonsens metadata
Sist endret: 12.1.2024, 15:20 ・ FINN-kode: 335680514