Bildegalleri
Stallplass ledig for ponni eller liten hest (inkl. 8kg høy)
Beskrivelse av varen
Stallplass til ponni/liten hest
Ledig stallplass på ein liten privatstall for hoppe eller vallak. Stallen er på Skauge i Alver kommune, Vestland.
Dette er inkludert i stalleiga:
- bruk av boks 3m x 3,20 m
- bruk av luftegard rett ved stallen
- fleire fôringar dagleg (måndag til torsdag, rullering i helga)
- påfyll av vatn ute
- ut og innslipp i vekedagane (måndag til torsdag), rullering i helgene
- eit dekken på og av per dag i vekedagane
- straum
- gjerde
- 8kg høy, mogleg å kjøpe litt ekstra ved behov
Spon kjøper leigetakaren sjølv.
Pris september til mai: 2.500 Nok
Pris juni til august: 1.500 Nok (hestane er på beite heile døgnet)
Fine turstiar ikkje langt frå stallen. Hesten din må kunne stå igjen aleine inne og/eller. Leier iblant ridebanen 30 min skrittetur unna etter avtale med eigaren der.
Me har sommarbeite ikkje langt frå stallen, så her kan du bruke hesten din om sommaren også. Mest skogsbeite. Hestane går på beitet ca. frå mai til september avhengig av vêr og mat. Hesten din må tåle å stå på gras.
Oppstallør må bidra til utslipp/innslipp og fôring i helgene etter avtale. Mogleg å få hjelp til hestepass ved ferie/sjukdom etter avtale.
Mogleg å leige hestehengar for ein billeg penge (maks.nytelast 690 kg).
Hesten min er ei fjordhoppe på 7 år. Me driv med distanse, dressur og litt sprang. Drar også på stemne i desse greiner. Du må kunne passe hesten din sjølv dei helgene eg er på distanseritt.
Ta kontakt på melding i første omgang og fortel litt om deg og hesten din.
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingAnnonsens metadata
Sist endret: 18.3.2024, 09:16 ・ FINN-kode: 310951137