Bildegalleri
ELENE FERRANTE BØKER - Innbundet!
Beskrivelse av varen
Har ryddet i hyller og kasser.
Selger 2 stk. ELENE FERRANTE BØKER:
DEI VAKSNES LØGNAKTIGE LIV 100 KR
FRANTUMAGLIA 200 KR
DEI VAKSNES LØGNAKTIGE LIV:
Ungjenta og einebarnet Giovanna får livet snudd på hovudet den dagen ho overhøyrer far sin, som ho elskar så høgt, seie at han synest ho er stygg. Denne vesle augneblinken er starten på den første av mange oppdagingar Giovanna gjer, som får grunnmuren i den trygge heimen til å smuldre. Foreldra er ikkje dei ho trur dei er, og ho lærer på den harde måten kva det vil seie å vere vaksen. Elena Ferrante er ein av vår tids største forfattarar. Med Napoli-kvartetten gjekk ho tett på kvinners liv og vilkår i det 20. hundreåret og skildra vennskap på ein måte som manglar sidestykke i litteraturhistoria. I «Dei vaksnes løgnaktige liv» er handlinga lagd til eit middelklassemiljø i Napoli i 1990-åra. Ferrante legg opp til eit stort og tett familiedrama om oppvekst, identitet og klasse, om seksualitet, utruskap og kunsten å balansere sanning og løgn.
FRANTUMAGLIA:
Innsiktsfullt om å skrive og skape. Ei heil verd har lese Elena Ferrantes romanar frå Napoli. Endeleg kjem boka der vi får møte forfattaren, i skrift, på heimebane. Dette er rike og kloke essayistiske tekstar og det næraste vi kjem verdsforfattaren. Boka tek oss med til arbeidsrommet til Elena Ferrante, ein kompromisslaus forfattar med ein altomfattande lidenskap for litteratur. I brev, intervju og essay snakkar ho om korleis bøkene blir til, og kvifor det er heilt nødvendig at ei bok får leve sitt eige liv - frigjort frå forfattaren. Ho drøftar tema ho er oppteken av, blant anna morskap, feminisme, psykoanalyse, film og litteratur. Ho skriv om barndommens mektige lager av fantasi og førestillingar, og om minnefragment - og frantumaglia - som blir til forteljingar. Omsett frå italiensk av Kristin Sørsdal. «Forteljingane livnærer seg av dette frantumaglia som ulmar under eit tilsynelatande einskapleg ytre, og som er ein slags kaostilstand ein kan starte frå, eit tåkelagt område som krev å bli lyst opp. Derifrå kjem historier og karakterar.»
Se mine andre annonser også. Mye bra for en billig penge
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingAnnonsens metadata
Sist endret: 31.7.2023, 14:44 ・ FINN-kode: 288465482