Bildegalleri
Vi søker avlastningheim til sibirsk husky
Beskrivelse av varen
Vi søker ny avlastningsheim for den sibirske huskyen Damon på snart ti år. Han vekslar mellom to heimar kvar veke, men grunna allergi i den eine heimen treng vi ein ny heim nummer to for Damon. Fordelinga finn vi ut av, det viktigaste er å finne nokon som er
interesserte i å ha Damon både kvardagar og helg, og som er samarbeidvillege med tanke på å fordele ansvaret for hunden.
Damon har svært god helse og er ein roleg og snill kar som elskar turar, både korte og lange. Perfekt turkompis sommar som vinter. Han har blitt rolegare med åra, og treng ikkje lenger det høge aktivitetsnivået som før, men er framleis sprek og blir ofte tatt
for å vere ein unghund. Han klarar seg godt med to-tre turar om dagen, og dei treng ikkje vere lange, så lenge vi passar på at han får ekstra mosjon med jamne mellomrom.
Han er van med å vere åleine heime ein arbeidsdag, men elskar også å vere med på kontoret. Damon er trygg på barn og på andre hundar, men kan ikkje bu i same heim som katt. Han går jamnleg i hundepark og er godt sosialisert, men som rasen tilseier kan han aldri
gå laust. Han trivst svært godt på biltur. Han er oppdratt til å aldri tigge ved bordet, han har heller ikkje innpass i sofaen eller senga vår, men han elskar kos og å vere nær menneska sine både inne og ute.
Vi bur på Mortensrud i bydel Søndre Norstrand, og håpar å finne nokon det ikkje er altfor vanskeleg å samarbeide med logistisk sett.
Om du er ein sprek pensjonist som saknar selskap på tur, eller ein hundekjær familie som ikkje har kapasitet til hund på fulltid - ikkje nøl med å ta kontakt. Damon er lett å bli glad i
🙂
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingAnnonsens metadata
Sist endret: 4.10.2022, 16:45 ・ FINN-kode: 275214768