Bildegalleri
Hardingfele Brigt Melstveit 1972
Beskrivelse av varen
Tilstand: Brukt
Fela er bygd av Brigt Melstveit i 1972, og er eit fint eksemplar frå hans produksjon. Fela er utsmykka med perlemor og bein på strengehaldar og gripebrett, og rosinga er av middels kvalitet. Lòket er av tettvaksen gran, og sargar av flamma lønn. Botnen er av av flamma lønn. Halsen er av lønn, fint skoren. Gripebrett og strengehaldar er av ibenholt, , dekorert med trekantforma og dråpeforma bitar av perlemor og små «spyd» av bein innimellom, samt små rundingar rundt «spyda»
Både haldar og brett har kantbitar i perlemor. Fela har 5 understrengar, og stillepinnane er beinlagte.
Instrumentet har lite deformera kvelvingar.
Fela har ingen skadar, og er nyleg gjennomgått og satt opp med ny stol av Gjerde Felemakeri.
Når det gjeld tonen i instrumentet, har fela ein god tone, er relativt jamn over heile
registeret, og har ein mjuk og kraftig bass.
Fela har elles god respons, og er ergonomisk bra. Dette er eit akkustisk sett bra instrument, og høver veldig bra til nokon som treng eit godt bruksinstrument.
Gjerde Felemakeri AS har fleire hardingfeler i kommisjon. Ta gjerne kontakt for å prøve eit av eller fleire av instrumenta!
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingLånepriser
Eff.rente 11,00 %. 120 000 o/5 år. Kostnad: 34 341 kr. Totalt 154 341 kr.
Annonsens metadata
Sist endret: 4.7.2022, 07:33 ・ FINN-kode: 232554045