Bildegalleri
Hardingfele Olav T Skogen
Beskrivelse av varen
Fela er bygt av Olav T Skogen frå Notodden, og ber litt preg av forbindelsen hans til Olav G Helland, stilmessig.
Fela er utsmykka med perlemor og bein på strengehaldar og gripebrett, .
Lòket er av middels til tett gran. Botnen er av veldig flott flamma lønn. Halsen er av bjørk Gripebrett og strengehaldar er av ibenholt, , dekorert med trekantforma bitar av perlemor og små «spyd» av bein innimellom.
Fela har 4 understrengar, og stillepinnane er ikkje beinlagte. Fela har lite deformerte kvelvingar.
Fela har ingen skadar, og er nyleg gjennomgått og satt opp med ny stol av Gjerde Fekemakeri,. Fela er også satt opp med nye stillepinnar.
Når det gjeld tonen i instrumentet, har fela i skrivande stund ein god og fri tone, og har ein fin malme spesielt i det lave registeret. Fela er og ergonomisk fin å spela på.
Instrumentet høver veldig bra til nokon som vil ha eit godt bruksinstrument. Her får ein mykje bra tone for pengane
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingLånepriser
Eff.rente 11,00 %. 120 000 o/5 år. Kostnad: 34 341 kr. Totalt 154 341 kr.
Annonsens metadata
Sist endret: 11.8.2022, 16:40 ・ FINN-kode: 232552249