Bildegalleri
Marsvin frå registrert oppdrettar til sals
Beskrivelse av varen
Kvaløya Marsvinoppdrett er eit lite men seriøst oppdrett av marsvin registert hos Norsk Marsvinklubb. Eg driv oppdrett av strihårsrasen teddy.
Vi har for tida ein hann for sal. Klikk på bilda for meir informasjon om kvart enkelte marsvin. Marsvina blir selde med stamtavle, overgangsfôr og infobrosjyre.
Kjøper du marsvin frå seriøs oppdrettar i staden for dyrebutikk, får du friske og godt sosialiserte dyr samt oppfølging ut livet til dyra. Ta kontakt om du av ein eller annan grunn ikkje kan ha marsvina lenger: eg tar dei kanskje tilbake.
Marsvina blir selde to og to viss du ikkje har marsvin frå før, sidan dei er flokkdyr og mistrivst åleine.
Ungane blir ikkje selde før dei er fire veker gamle og har oppnådd ei vekt på minst 300 gram. Dyr på under eit år blir selde for 1000 kr, dyr på over eit år og dyr med utstillingsfeil blir selde for 800 kr. Born under 18 år må ha samtykkje frå foreldre før kjøp.
Vi tilbyr også smådyrspass året rundt, både sommar og vinter. Sjå facebooksida vår for meir informasjon rundt dette.
Ta kontakt for ein hyggjeleg marsvinprat:)
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingAnnonsens metadata
Sist endret: 24.4.2024, 17:33 ・ FINN-kode: 214644747