Bildegalleri
Kyrkjeorgel søkjer ny eigar med entusiasme, pågangsmot og loddebolt
Beskrivelse av varen
Tilstand: Brukt
Frøyset kyrkje i Masfjorden sokn skal avhende eit elektronisk kyrkjeorgel, Viscount Grand Opera, saman med 4 aktive trevegs høgttalarar. Orgelet vart sett opp i kyrkja ca 1995 som nytt. Det må no verte fjerna frå kyrkja i løpet av februar månad for å gi plass til eit nytt digitalt orgel.
Som det vil gå fram av bileta, er dette orgelet utstyrt med tre manualar og pedal, og bestykka med i overkant av 50 stemmer. Ein kan også sjå at det er utstyrt med MIDI inn- og utgangar.
Den direkte grunnen til at orgelet vert bytt ut, er at det ikkje lenger fungerer feilfritt og forutseieleg. Vi veit ikkje om dette skuldast ein alvorleg feil, eller om det er ein feil som ein elektrokyndig person enkelt kan rette. Men ein har vald å gå til innkjøp av eit nytt orgel, der store delar av kostnadane er finansiert gjennom gåver. Det ein eventuelt måtte få for det gamle orgelet, vil verte bidrag i restfinansieringa av det nye.
Vår von er at einkvan kan sjå seg tent med å overta dette orgelet, anten som privat øvingsinstrument, eller som instrument i eit forsamlingslokale. Frøyset kyrkje rommar om lag 200 menneske. Dette orgelet er dimensjonert for større lokale enn det.
Interesserte kan få informasjon om og eventuelt sjå instrumentet etter avtale med underteikna. Framlegg om pris vert også retta til underteikna.
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingLånepriser
Eff.rente 11,00 %. 120 000 o/5 år. Kostnad: 34 341 kr. Totalt 154 341 kr.
Annonsens metadata
Sist endret: 24.1.2021, 19:27 ・ FINN-kode: 204797052