Bildegalleri
Svingstol fra Brunstad / Henco møbler
Beskrivelse av varen
Svingstol frå Brunstad- og seinare Henco Møblar selges kr 1400,- Eller bud.
Design og produksjon på Møre på 1960 og 70-talet har vel sikkert kunne tatt den velkjende diskusjonen om høna og egget. Kva kom først og kven var høna? Tettheita av fabrikkar og oppfinnarar var veldig spesiell for området og det var vel slik at ein sikkert kjeik over gjerdet til nabobedrifta for å finne nye former og fargar. Det var óg slik at underleverandørar produserte grunntreverk for fleire fabrikkar og slik fekk ein modellar som kunne få noko lik form. Arvid Henriksen jobba på Brødrene Brunstad frå 1961 til 1972 og han var med på å utforme nokre av modellane der saman med Kjell Brunstad og brødrene hans. Arvid var aktiv i slag av møblane og fekk på sine salgsturar førstehandsrespons frå butikkar som selde desse ulike modellane og kunne dermed bringe tilbake synspunkt og idéar til fabrikken i Velledalen. BB gjekk dessverre konkurs på midten av 70-talet. Det er sjølvsagt klart at Arvid Henriksen var influert og hadde sine inspirasjonar frå møbeleventyret på Møre då han drog frå Sykkylven til Stryn for å freiste som møbelgründar der. Det kan ein sjå på nokre av enklare modellane frå den tida. Sjå óg BB sida med alle dei fine modellane frå katalogen deira.
Skalet til denne svingstolen på bildet under vart sannsynlegvis produsert av Vartdal Plast. Kven som har laga designet på dette skalet har eg enno ikkje heilt klart for meg, men det eg veit var at Henco Møbler A/S fekk levert same skalet frå Vartdal utover på 70-talet. Rekningar frå Vartdal Plast frå 1973 viser at isoporskalet vart levert med festebracket som eg har forstått vart laga av Bjørdal Industrier i Ørsta. Etterkvart kom det skalstolar levert av Nesse Plast i Balestrand. Henco Møbler hadde sin modell som heitte “Titten”, og seinare frå ca 1979 også namnet “Festus”. Understellet (krysset) til denne var laga av Søda Galvano i Brattvåg med unntak av at ein i ein periode prøvde ein variant frå Thor Strand Metallvarefabrikk i Ørsta. Dette krysset var dessverre litt kort og gjorde stolen ustabil. Søda Galvano forbetra sine kryss frå 4 bein til 5 støttebein til denne modellen. På BB sin modell ser ein her eit fint kryss med metall og “tre”. Mest sannsynleg er det pålimt plastteip som ser ut som tre. Lengst nede på denne sida ser ein eit scan på slik treteip. Eg veit ikkje kven som lagde BB sitt kryss på denne modellen.
Søkeord: Retro. Norsk design. Norsk retro. Møbeldesign. Designmøbler. 60 Tallet. 70 Tallet.
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingAnnonsens metadata
Sist endret: 18.1.2021, 18:34 ・ FINN-kode: 200061858