Norsk polarhistorie. Bind 3.

Til salgs
270 kr
"Norsk polarhistorie. Bind 3" (2004). Redaktører: Einar-Arne Drivenes og Harald Dag Jølle. Innbundet med bokomslag. Rikt illustrert. 595 sider spekket med historie & flotte bilder. Har kun stått i hylla og samlet støv - ellers så fremstår boka som svært pen. En liten flekk på bokomslaget der prislappen sto. Fram Museet: "Rikdommene viser næringsvirksomheten i stor bredde: selfangst og hvalfangst i Arktis og Antarktis, overvintring i fangsthytter, gruvedrift, de store fiskeriene – og moderne masseturisme. Hvor mye var eventyrlyst? Hva kjennetegner gruvesamfunn og fangstkulturer?" Kan sendes mot forskuddsbetaling + frakt (Helthjem m/sporing 75,-). Omtale fra Den Norske Bokdatabasen: "Verket beskriver den norske aktiviteten i polarområdene, i nord og i sør. Det omhandler ekspedisjonene, den vitenskapelige utforskningen, næringsvirksomheten og den politiske betydningen, fra slutten av 1600-tallet og fram til i dag. Forfatterne legger vekt på den norske virksomheten, men den settes inn i et et internasjonalt perspektiv. Dette bindet viser næringsvirksomheten i stor bredde: selfangst og hvalfangst, overvintring i fangsthytter, gruvedrift, de store fiskeriene og moderne masseturisme. Det drøftes hvilke politiske forhold som virket inn på næringene, og hvordan fangstradisjonen ble møtt av motstanden mot selfangst og andre menneskelige inngrep i naturen. Med register." Omtale fra forlaget: "En rik og fengslende historie om den varierte næringsvirksomheten som nordmenn har utøvet i de polare områdene. Næringsvirksomheten i de polare områdene har vært stor, og behandles i stor bredde: Selfangst og hvalfangst, i nord som i sør, fra de tidligste tider fram til våre dager . fra Bergen, fra Nord-Norge, fra Sunnmøre, fra Vestfold, overvintring i fangsthytter, gruvedrift, de store fiskeriene . og moderne masseturisme. Hvilken økonomisk betydning hadde virksomheten? Hvor mye var eventyrlyst? Hvilke politiske forhold gjorde seg gjeldende, ikke minst under den kalde krigen? Hva med miljøhensyn, motstanden mot selfangst og andre menneskelige inngrep i naturen? Fiskeressursene? Oljeforekomster?" Krigsseilerregisteret: "De flytende kokeriene og hvalfangerne. Hva og hvem var de?" Norsk polarhistorie 3. Rikdommene. Av Einar-Arne Drivenes, Harald Dag Jølle (redaktør) og Ketil Zachariassen (bilderedaktør). Aurskog 2004. S. 280, 288-289, 293, 298, 300, 303-304, 319, 328: Flytende kokeri og gjennombrudd for norsk hvalfangst "Kvalbåtane reiste ut og skaut kvalen og slepte den inn til kokeria. Kokeria måtte ligge i smult farvann, fordi kvalane blei flensa langs skipssida. Evaporatoren, som omdanna saltvatn til ferskvatn, produserte ikkje nok ferskvatn til utkokinga av kvalolje, og ein var derfor avhengig av vassforsyningar frå land. I hamn slapp ein å bruke kol til framdrift, og kunne lagre kolet på land. Eit flytande kokeri hadde den fordelen at det kunne flytte seg frå felt til felt etter kvart som det blei fritt for kval. [...] Landstasjonar eller oppankra fabrikkskip ved land var til no blitt foretrekt framfor flytande kokeri fordi produksjonen var plasskrevande, fordi han kravde tilgang på ferskvatn til dampinga, og for at klaringtankane skulle få stå i ro og ikkje slingre på eit båtdekk. På 1920-talet kom det, forutan opphalingsslippen, fleire oppfinningar som gjorde det rekningssvarande å produsere kvalolje på ope hav. Dei nye, roterande kokeapparata erstatta dei gamle presskokene. Dampen kom lettare til spekket eller kjøtet når kokekaret roterte, og det var konstruert slik at ein kunne etterfylle råstoff og tømme ut ferdig olje og avfallsstoff utan å avbryte kokeprosessen. Koketida under høgt trykk og høg temperatur blei dermed kraftig redusert, og resultatet blei betre kvalitet på oljen. Produksjonstida blei kortare, og produksjonen mindre arbeidskrevjande. I tillegg blei ein mindre avhengig av store vassmengder. Med dette utstyret brukte ein mindre kol og hadde dermed ikkje så stort behov for kollagringsplass. Det tok heller ikkje så stor plass i seg sjølv, og dermed fekk ein plass til å koke både olje, kjøtt og bein om bord, og fekk utnytta råstoffet betre. [...] Tidlegare var dei fleste kokeria ombygde passasjer- eller lasteskip, men no blei det i stadig større grad spesialbygde kokeri som var atskillig større. At desse fabrikkskipa var store, var og ein viktig føresetnad for den pelagiske fangsten. No kunne kvalskrotten flensast på flenseplanet akter og så bli slept framover til lemmeplanet. Det gjorde arbeidet mykje meir effektivt. Det første av desse spesialbygde kokeria var "Kosmos" i 1929 - det imponerte stort i samtida med eit flenseplan på 2,3 mål der opptil fem kvalar kunne flensast samtidig, ekkolodd og til og med eit lite sjøfly om bord til rekognosering. Den pelagiske fangsten kravde også meir av fangstbåtane. No sneik ein seg ikkje lenger inn på kvalen, men jaga etter han til han var så utsliten at han lett let seg skyte, såkalla "prøysserjag". I 1923 blei den første dampbåten som var fyrt med olje i staden for kol, tatt i bruk. Dei båtane som blei bygd i siste del av 1920-talet hadde også atskillig fleire hestekrefter enn dei tidlegare. Dei fekk kryssarhekk og fritthengande ror. Jagebrua var ei anna forbetring. I kulde og storm kunne ikkje skyttaren stå framme ved harpunkanonen og vente på blåst. Med den kunne skyttaren følge jakta frå navigasjonsbrua, men raskt springe over jagebrua til kanonane når det var kval i sikte. Ved å gå over til baklading i staden for munnlading av kanonen, fekk ein også raskare og jamnare skot. [...] Den norske delen av fangsten i Antarktis sokk frå vel 70 prosent i 1928-29 til 30 prosent ti år etter. Grunnen til det var både at Storbritannia auka sin del av fangsten, og at Japan og seinare Tyskland starta med kvalfangst. Norske kvalfangstarbeidarar dominerte heller ikkje lenger næringa, i 1932-33 var 94 prosent av alle kvalfangstarbeidarane norske, i 1938-39 berre 59 prosent. Fleire av reiarane såg at kvalfangsten ville stå overfor store problem, og satsa i staden på anna skipsfart, særlig då tankfart. [...] Mannskapet på kokeria og hvalfangerne På kokeria var sjøfolka og fabrikkarbeidarane ikkje skarpt skilde grupper, i løpet av yrkeslivet var det ikkje sjeldan at ein matros kunne bli fabrikkarbeidar og omvendt. Blant kokeriarbeidarane var det mange bondesøner, noko som også spegla seg i sjargongen om bord; havet blei gjerne kalla "jordet", rekka på skipet "gjerdet". Det blei også hevda at mange kjøpte seg arbeid med å gje hyringsagenten ein sekk potet eller eit slakt. Mannskapa på kvalbåtane hadde også ofte ein annan bakgrunn enn dei på "koka". Dei kom gjerne frå kystmiljø, og kunne vere handplukka av skyttaren. Mange såg nok på seg sjølv som meir ekte fangstfolk, i motsetnad til fabrikkarbeidarane på kokeria. Når dei kalla kokeriet "fjøset", var det nok likevel ikkje nokon finte til bondegutane om bord i "koka", men eit hint om stanken av kokeriet, som dei påstod var så sterk at ein kunne navigere etter han. Svært mange av kvalfangstarbeidarane kombinerte fangstturane med gardsbruk heime. Dei fleste gardsbruka i Vestfold var for små til at ein kunne livnære seg berre av dei. Om vinteren, mens mannen var borte, hadde kvinnene heime ansvar for gardsdrifta. Mannen reiste ut så seint at haustonna var unnagjort, og dei seinare åra kom dei også så tidlig heim at dei kunne vere med i våronna. Heilt frå Finnmarks-fangsten sine dager var dei fleste selskapa frå Vestfold. Mannskapa kom og derfrå, og det utvikla seg ein yrkestradisjon i området, sjølv om det også fanst kvalfangstmiljø andre stader, som i Austfold og Haugesund. [...] Fekk ein seg arbeid i kvalfangsten, var det mulig å gå gradane. Bortsett frå i stillingane som styrmann, kaptein, maskinist og stuert fanst det inga formell utdanning, ein blei lært opp til fagarbeidar gjennom arbeidet. I praksis kunne det vere vanskelig å slippe til, særlig gjaldt det skyttarstillinga. [...] Arbeidet til mannskapet på kvalbåten var ikke ulikt fiske. Arbeidet på kokeriet, derimot, likna mest på fabrikkarbeid etter samlebandsmetoden; kvalen gjekk frå arbeidsgjeng til arbeidsgjeng der kvar hadde sine faste oppgåver, og der det var viktig at alle ledd i arbeidsprosessen fungerte. [...] Det var 70 timars arbeidsveke på kokeriet, dei arbeidde på søndagane og måtte ofte gå overtid. Dei vassa i spekk og blod og stod ute i snø, kulde og vind. På det verste kunne dei vere så slitne at dei rava og ramla overende på spekkdungane. Skulle ein seie noko, måtte ein rope. [...] På kvalbåtane var dagane endå lengre enn på kokeria, der var det 84 times veke, og i tillegg måtte matrosane tørne ut på frivakta om skyttaren fekk "fast fisk". Tidsrekninga blei omgjort frå timar og døgn til kvalar og oljefat. [...] Det mest spesielle med tilveret som kvalfangar var trulig isolasjonen frå omverda. Dei var borte heimefrå på halvårsvis, på landstasjonane kunne det hende nokre av overvintrarane var borte opp til eit par år i slengen. Livet dreia seg om arbeid og kval, kval og arbeid, berre avbrote av mat og sømn, og sjølv om kokeria kunne verke svære når dei låg på hamna heime, var det eit avgrensa kosmos å leve i. Snøstormar, vind og kulde hjalp neppe særlig på. Det var lite høve til å få kontakt med dei heime, kanskje fekk dei post 2-3 gonger i løpet av ein sesong, og saknet og uroa kunne ofte vere stor. [...] Krigen Før 2. verdskrigen braut ut, stod sjøpattedyrfangsten enno sterkt i Noreg. Vestfold-reiarane henta heim store rikdommar frå Sørishavet, og selskinn og spekk frå Ishavet gav økonomiske ringverknader i Troms og på Sunnmøre. Men frå 1938-1939-sesongen og til den første etterkrigssesongen kom situasjonen til både kvalfangsten og selfangsten til å endre seg kraftig, først og fremst fordi mykje av det flytande materiellet ikkje hadde vore i fangst eller var gått tapt i krigsåra. Dei norske kokeria og kvalbåtane var på heimtur frå feltet då invasjonen av Noreg kom 9. april, og Tyskland gjekk dermed glipp av store oljemengder som landet hadde behov for. I staden gjekk kvaloljen frå Antarktis til Storbritannia, der the Ministry of Food kjøpte det meste. Dei over 6000 mennene som var engasjert i kvalfangst, fekk heller ikkje komme heim til Noreg før krigen var over. Resten av kvalflåten gjekk, saman med handelsflåten, inn i London-regjeringa sin Nortraship-flåte. Mange av dei flytande kokeria ble brukt som tankbåtar eller for å frakte krigsmateriell. [...] Etter okkupasjonen av Noreg sørga Tyskland for å halde nede den norske oljeproduksjonen. Okkupantane kjøpte også tre kvalbåtar av Jahre-selskapet Kosmos våren 1940. I 1940-41 blei fire norske kokeri med tilhørande kvalbåtar raida av Tyskland. Eitt av dei var kokeriet "Kosmos", og mannskapet der blei internert i Frankrike, og ikkje lauslatt før etter meir enn sju månadar. Eit anna kokeri blei minesprengt, og to mann omkom. Krigsrisikoen var likevel ikkje den einaste grunnen til at det blei stopp i kvalfangsten i Antarktis etter 1941. Under 1. verdskrigen hadde kvaloljen vore svært viktig for de krigførande partane, både politisk, militært eller økonomisk. Det viste seg at han ikkje vart like viktig i denne nye krigen, mineraloljen hadde overtatt den rolla. Etter at USA var blitt med i krigen, kunne dessutan kvalflåten gjere meir nytte for seg i atlanterhavsfarta. Fire av kokeria som gjekk inn i denne farta blei torpedert, og i alt 123 menneske mista livet. Først i 1944 blei det sendt ut ein ny norsk kvalfangstekspedisjon til Antarktis. I mellomtida var berre landstasjonen i Grytvika i drift. [...] Etter krigen var 42 norske kvalbåtar tapt, 79 kunne brukast, men mange av dei var i dårlig stand, og hadde ikkje særlig kraftige motorar".
Tilstand Brukt

2301 Hamar

Du må være logget inn for å se profilen
  • Nøyaktig
    beskrivelse
  • Veldig god
    kommunikasjon
  • Problemfri
    betaling
  • Problemfri
    overlevering
Svarer vanligvis innen seks timer

DU SPARER MILJØET

7 kg CO2

Ved å kjøpe brukt i stedet for nytt, forlenger du varens livsløp og sparer utslipp forbundet med produksjon av en ny vare.

Les mer i bruktmarkedsrapporten.

Miljøbesparelse for hver annonse er et gjennomsnitt av varene innenfor dens kategori.

Prøv Helthjem, fra kr 75

Nå hjelper vi selger med å sende varen til deg enten hjemmefra eller fra butikk

Annonseinformasjon

FINN-kode 198666102
Sist endret 17. nov. 2020 01:42

Rapporter annonse