Bildegalleri
Ergo reol SELD
Beskrivelse av varen
Tilstand: Brukt
KRAFTIG PRISREDUKSJON! Annonsen har no vore aktiv nokre veker. Eg har allereie gått ned 1000 kroner, men vel no å redusere med ytterlegare 2000. Då blir ny pris 3 500, noko som er ei smertegrense for meg. Med tanke på kor bra stand dette møbelet er i, og det faktum at det er ein dobbel reol/seksjon gjer at eventuelt interesserte no bør kjenne si besøkstid. Har eg ikkje fått noko henvending innan 20.11. blir annonsen tatt bort, og den blir sett på fjernlager på ubestemt tid.
Nydeleg mid century Ergo veggseksjon/reolsystem i teak frå 1965.
Nei du ser ikkje dobbelt, det er to like reolmodular sett saman som ein veggseksjon. Som du kanskje veit så blei Ergo-systemet produsert av Blindheim Møbelfabrikk. Og som du eventuelt også kanskje kjenner til så er det møbelarkitekten John Texmon (1928-) som er formgivar.
Ergo de Luxe var eit svært populært system då det kom på 60-talet. Eit moderne og funksjonalistisk uttrykk kombinert med at det var praktisk i til dømes små byleilegheiter gjorde nok sitt til at folk la sin elsk på det. I tillegg er det lett å montere, ein person kan greie det åleine. Apropos praktisk, ein treng ikkje skruar i veggen, då modulane står på frittståande bein/vangar. Resultatet blir sjølvbærande og smart.
Den har vore i mitt eige ein del år, før meg var det ei einsleg og barnlaus dame som var eigar. Ho hadde hatt den sidan den var ny. Her har du høve til å skaffe deg eit sjeldant pent møbel til ein hyggelig pris. Du kan sjå på det som ei god investering. Kvittar meg med den med vondt hjarte grunna nye planløysingar. Seriøse folk må gjerne ta kontakt for meir informasjon. Måla i millimeter er : B 1600 H 2000 D 400.
Eg har kanskje mogelegheit for å levere den på strekningane Volda-Bergen og Volda-Austlandet i løpet av hausten. Dette blir vi i så fall einige om, men eg må ta eit atterhald i og med at det altså er eit kanskje.
Til slutt vil eg sei at det er kjekt med likes, men ser aller helst at nokon som faktisk vil gjere ein handel viser interesse.
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingAnnonsens metadata
Sist endret: 25.11.2020, 01:10 ・ FINN-kode: 195506033