Bildegalleri
Hardingfele, Gunnar Helland 1913
Beskrivelse av varen
Eg har altfor mange feler og hardingfeler, så sjølv om det ligg mange ute for sal no, byr eg fram eit svært dekorert og forseggjort eksemplar av Gunnar Helland i Bø frå 1913. Eg løyste fela inn frå eit dødsbu for nokre år sidan, men kjenner ikkje heile historia over kven som har vore eigarar. Det som er heilt sikkert er at fela har vore i Amerika ei tid, for i botnen står reparasjonslapp med teksten: "Repaired by G. Helland, violinmaker. Fargo N. D. 1936". Denne Gunnar var ein av dei to sønene til Gunnar Helland i Bø som reiste til Amerika og dreiv som felemakarar der. Seinare har fela vore innom ein annan av sønene, John G. Helland, i 1963. Fela har ein gong i tida hatt ein pinnesprekk i botnen, og om den har vore reparert i Skien eller i Fargo veit eg ikkje, men der har og vore ein reparasjon av Sigurd O. Steine i 1978. Og den nemnde sprekken ser ut til å vere solid ordna, for fela har vore bra brukt sidan. Strengelengda frå stol til sadel er 29,6 cm, og fela trivst best når kvarten er stemt opp til C. Tonen er klår, og fela er rask i reaksjonen, men kanskje ikkje av dei aller kraftigaste. Ut frå marknaden for tida set eg prisen lavt. Er det ein ung nybyrjar som treng eit stabilt og lettspelt instrument, kan prisen diskuterast. Ta gjerne kontakt på tlf 48151317.
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingLånepriser
Eff.rente 11,00 %. 120 000 o/5 år. Kostnad: 34 341 kr. Totalt 154 341 kr.
Annonsens metadata
Sist endret: 17.4.2020, 08:21 ・ FINN-kode: 170659991