Bildegalleri
Sterilisert jentepus omplasseres
Beskrivelse av varen
Då var dagen eg har kvidd meg til komt. Med tungt hjerte blir eg dessverre nødt til å omplassere min katt Pusi.
Det siste halve året har ho budd hos mamma i Gulen kommune, og me har prøvd å få det til å fungere ilag med hennes katt. I perioder har det sett ut som det kom til å gå seg til, men no har me innsett at det dessverre ikkje gjer det.
Pusi er ei 9 og ½ år gammal pusejente som er sterilisert. Ho er ein katt som veit kva ho vil og er veldig kosete, elsker å leike, og er ein kløpper på å fange mus.
Ho treng å bu i ein heim der ho er åleinekatt og det beste ville vere om det er store områder rundt huset der ho kan få springe ifrå seg og jakte.
Ho er ein utrulig herlig katt med sin heilt egne personlighet og sjarm, og koser og trøster om ein har hatt ein tung dag. Ho maler på veldig høg frekvens som gjer godt heilt inn i sjela.
Pusi har lang og "fluffy" pels, og verdens beste pusemage å kose med (sjå bilder).
Men ein og annen gong (veldig sjelden) kan ho få ei bite/klorebyge. Dette virker som om det kan komme dersom ho ber om kos og kanskje ikkje får den oppmerksomheten ho vil ha, eller at ein prøver å flytte ho frå fanget under ei kosestund og ho ikkje er klar for det. Men som sagt skjer dette veldig sjelden, og forhåpentligvis er ein ny heim/eiger det som skal til for at dette slutter. Har du litt tolmodighet og forståelse så går det nok veldig fint!
På grunn av dette er det best at dei som overtar ho ikkje har små unger eller tenker å få unger.
Vil du vite meir om Pusi og eventuelt komme å helse på ho så ta kontakt her på Finn eller på mobil 41516072.
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingAnnonsens metadata
Sist endret: 28.10.2019, 13:19 ・ FINN-kode: 161286333