Velkommen til Kolset Krins

Gis bort
Lyst til å bu i ei triveleg lita bygd på kysten av Sogn og Fjordane? Bygdene i Kolset krins har dei seinare åra hatt ein svak vekst, men vi har få barn i barneskulealder. Elevtalet varierer, og vi trur at vi er på veg oppover sjølv om vi for tida har udelt skule. Derfor jobbar vi hardt no om dagen for å halde på skulen i bygda, og så snart det er mogeleg vil vi starte opp ein Montessoriskule. Er du og din familie interessert, så ta kontakt med oss på tlf. 47466663 eller her på finn. Du finner også epostadressen vår på www.kolsetkrins.no som du kan brukte til å ta kontakt. KORT OM KOLSET KRINS 15 minuttar frå kommunesenteret Svelgen i Bremanger finn du trivselsbygdene i Kolset krins. Her bur vi kring 250 innbyggjarar, med sjøen rett utanfor hovuddøra, og fjell rundt oss på nesten alle kantar. I bygdene Rugsund, Leirgulen, Skatestraumen, Blålida, Elde, Hunskår, Klubben og Bortne i Nordfjord finn du naturperlene på rekke og rad. Følg Kolset Krins gjerne på facebook. Der får du fort eit innblikk i korleis bygda arbeidar saman, og kva som føregår i kvardagen. Meir om oss kan du lese på www.kolsetkrins.no . Om du ønsker å sjå kommunen og Kolset Krins frå fugleperspektiv kan du trykke her: www.bremanger360.no ARBEID / NÆRING Her finnast høve for arbeid innan oppdrett, fiskeri, reiseliv, industri, kraft, økonomi, offentlege arbeidsplassar, servicenæringar, maritimt retta næring og meir, innan rimeleg nærleik. Arbeidspendling til Florø, Eid og Måløy er også eit greitt alternativ. Bygda har butikk med bra utval av daglegvare. Her finn du det du treng, og litt til. Og vi har dagleg anløp av ekspressbåt t/r Bergen. Flyplassen i Florø ligg bare ein time unna. AKTIVITET / OPPVEKST Borna i bygdene våre går på grendeskulen Kolset Oppvekst, som også har barnehage. Den ligg i Rugsund. Ungdomane køyrer skulebuss til Davik. Elles har vi musikkorps, idrettslag, musikkverkstad, skyttarlag, båtforening, seniordans, bygdeutviklingslag, og ei rekkje aktivitetar. Nokre også i samarbeid med nabobygdene (kor, fotballag m.m.). To kinoar, hotell og restaurantar 15 - 20 minuttar unna, merka turløyper i fjellet, badestrand, ballbinge, trimstove, sandvolleyballbane, småbåthamn, fotballbane, badestrand. Fantastiske Grotlesanden 20 minuttar unna. Og no gløymde eg nesten jakt og fiske. Middagen hentar du i sjøen rett utanfor døra. På hausten går "alle mann" på hjortejakt frå september til jul, og er du interessert, er det er gode høve for å få hengd seg på et jaktlag i ein av dei største hjortekommunane i landet. BUSTAD Frå tid til annan dukkar det opp nokre verkelege kupp på bustadmarknaden. Dette kan, samanlikna med byen, gje økonomisk handlefridom og betre livskvalitet som følgje av dette. Og skulle du / de ha lyst til å prøve å bu ei stund, så finnest det også bustader til leige. Ikkje alle er lyst ut til ei kvar tid då utleige også skjer via kjende. Er du interessert, men ikkje finn bustad annonsert, så ta gjerne kontakt. Vi vil da gjere det vi kan for å hjelpe. NOKRE ATTRAKSJONAR Vi har Europas høgste sjøklippe, Hornelen, eit flott turmål for den som vil ha ein aktiv dag, og eit flott utsiktspunkt midt i mot dei fleste av bustadane i bygda. Her startar arbeidet med ein ny «Via Ferrata» i år. Vi har også eit av Europas største helleristningsfelt, Vingenfeltet. Dette jobbar ein for å få inn på UNESCOS verdsarvsliste. Kystfortet på Tongane er Nordvestlandets største og eit av dei best ivareteke kystfort bygd av tyskarane under 2.verdenskrig. Sterkt delaktig i Måløyraidet. Rugsund Handelsstad, med godt…
Lyst til å bu i ei triveleg lita bygd på kysten av Sogn og Fjordane? Bygdene i Kolset krins har dei seinare åra hatt ein svak vekst, men vi har få barn i barneskulealder. Elevtalet varierer, og vi trur at vi er på veg oppover sjølv om vi for tida har udelt skule. Derfor jobbar vi hardt no om dagen for å halde på skulen i bygda, og så snart det er mogeleg vil vi starte opp ein Montessoriskule. Er du og din familie interessert, så ta kontakt med oss på tlf. 47466663 eller her på finn. Du finner også epostadressen vår på www.kolsetkrins.no som du kan brukte til å ta kontakt. KORT OM KOLSET KRINS 15 minuttar frå kommunesenteret Svelgen i Bremanger finn du trivselsbygdene i Kolset krins. Her bur vi kring 250 innbyggjarar, med sjøen rett utanfor hovuddøra, og fjell rundt oss på nesten alle kantar. I bygdene Rugsund, Leirgulen, Skatestraumen, Blålida, Elde, Hunskår, Klubben og Bortne i Nordfjord finn du naturperlene på rekke og rad. Følg Kolset Krins gjerne på facebook. Der får du fort eit innblikk i korleis bygda arbeidar saman, og kva som føregår i kvardagen. Meir om oss kan du lese på www.kolsetkrins.no . Om du ønsker å sjå kommunen og Kolset Krins frå fugleperspektiv kan du trykke her: www.bremanger360.no ARBEID / NÆRING Her finnast høve for arbeid innan oppdrett, fiskeri, reiseliv, industri, kraft, økonomi, offentlege arbeidsplassar, servicenæringar, maritimt retta næring og meir, innan rimeleg nærleik. Arbeidspendling til Florø, Eid og Måløy er også eit greitt alternativ. Bygda har butikk med bra utval av daglegvare. Her finn du det du treng, og litt til. Og vi har dagleg anløp av ekspressbåt t/r Bergen. Flyplassen i Florø ligg bare ein time unna. AKTIVITET / OPPVEKST Borna i bygdene våre går på grendeskulen Kolset Oppvekst, som også har barnehage. Den ligg i Rugsund. Ungdomane køyrer skulebuss til Davik. Elles har vi musikkorps, idrettslag, musikkverkstad, skyttarlag, båtforening, seniordans, bygdeutviklingslag, og ei rekkje aktivitetar. Nokre også i samarbeid med nabobygdene (kor, fotballag m.m.). To kinoar, hotell og restaurantar 15 - 20 minuttar unna, merka turløyper i fjellet, badestrand, ballbinge, trimstove, sandvolleyballbane, småbåthamn, fotballbane, badestrand. Fantastiske Grotlesanden 20 minuttar unna. Og no gløymde eg nesten jakt og fiske. Middagen hentar du i sjøen rett utanfor døra. På hausten går "alle mann" på hjortejakt frå september til jul, og er du interessert, er det er gode høve for å få hengd seg på et jaktlag i ein av dei største hjortekommunane i landet. BUSTAD Frå tid til annan dukkar det opp nokre verkelege kupp på bustadmarknaden. Dette kan, samanlikna med byen, gje økonomisk handlefridom og betre livskvalitet som følgje av dette. Og skulle du / de ha lyst til å prøve å bu ei stund, så finnest det også bustader til leige. Ikkje alle er lyst ut til ei kvar tid då utleige også skjer via kjende. Er du interessert, men ikkje finn bustad annonsert, så ta gjerne kontakt. Vi vil da gjere det vi kan for å hjelpe. NOKRE ATTRAKSJONAR Vi har Europas høgste sjøklippe, Hornelen, eit flott turmål for den som vil ha ein aktiv dag, og eit flott utsiktspunkt midt i mot dei fleste av bustadane i bygda. Her startar arbeidet med ein ny «Via Ferrata» i år. Vi har også eit av Europas største helleristningsfelt, Vingenfeltet. Dette jobbar ein for å få inn på UNESCOS verdsarvsliste. Kystfortet på Tongane er Nordvestlandets største og eit av dei best ivareteke kystfort bygd av tyskarane under 2.verdenskrig. Sterkt delaktig i Måløyraidet. Rugsund Handelsstad, med godt bevarte bygningar frå 1700-talet. OPPSUMMERING Så langt ei rekke gode argument for å velje det gode liv på bygda. Andre gode argument er: - Trygg oppvekst for barna på ein stad der "nabokjerringa" enda bryr seg. - Høve for eit aktivt friluftsliv rett utanfor døra. Nyt det på ettermiddagen etter jobb, eller ein dag du har fri. Du treng ikkje å planleggje noko. - Det er nok å ta tak i om du vil bruke fritida aktivt, som verv og deltaking i diverse lag ogorganisasjonar, eller du kan la det vere om du vil. - Best av alt: Ingen kø, sjeldan noko mas, og ingen buss eller t-bane som bestemmer tida for deg. Har du spørsmål eller treng meir informasjon, så ikkje nøl med å ta kontakt. Velkommen til oss!! Helsing Kolset Krins Utviklingslag :)

Prøv FINN levert, fra kr 65

Nå hjelper vi selger å sende varen til deg enten hjemmefra eller fra butikk

Lignende produkter fra Google

6734 Rugsund

Annonseinformasjon

Rapporter annonse

FINN-kode 147441985
Sist endret 15. jul 2019 21:31