Bildegalleri
About the item
To nydelege bunadssøljer i oksydert sølv, som nye
Item description
Dette er to nydelege, heilt spesielle bunadssøljer kjøpt hos Sylvsmidja, men dei har gått ut der. Søljene er begge i oksidert sølv med støypt botn, og har heng med pålodda filigransdekor på trådkantlauva. Sylvsmidja har ei sølje som liknar mi største med 12 + 6 skåler (art. 185100), men den er mindre enn mi og ser dermed meir kompakt ut. Den minste mi har rund kant som den største, så dei harmonerer godt (Sylvsmidja har ei mindre, art. nr. 452100, men den har ikkje rund kant og er litt "klumpete" saman med den andre, synest eg). (Farge på foto av minste sølja her er litt gulaktig, men det er feil, for ho er lik den største ).
Prisen eg har sett på den minste står i feltet her.
Største sølja (1): 79 x 125 mm, pris kr. 4650,-
Minste sølja (2): 69 x 112 mm, pris kr. 3350,-
Her får du to unike søljer som ikkje er å få meir, og som er svært vakre i lag. Dei er lite brukte. Eg har sendt dei inn til gullsmed for oppattpussing, så dei ser dermed heilt nye ut, og i tillegg er begge større enn dei to Sylvsmidja har, så prisen på desse søljene skulle vera rimelege samanlikna med dei som er å få tak i. Ei sjanse til eit godt kjøp til fine festdagar framover.
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingItem meta data
Annonseinformasjon
Sist endret: 18.6.2020, 20:05 ・ FINN-kode: 147274169