Bildegalleri
Nydelige Sibirkatt Kattunger Søker Nye Hjem - ALLE RESERVERTE!
Beskrivelse av varen
Vår nydelege sibirkatt Lolli har fått kull, og hennar fantastiske reinrasa sibirkattungar er no klare for nye eventyr i nye heimar både på Austlandet og Vestlandet.
Kattemor Lolli er ei kjærleg kattemor med langhåra svartsølvtabby (SIBns22) pels og dobbeltpigmenterte auge som er gyllengule om dagen og smaragdgrøne om natta. Alle kattungane har arva tigerstripene og hennar kvite venlege anletsteikningar, og ser ut til å vekse opp til å bli nokre skikkelege sjarmørar. Dette vert det einaste kullet til Lolli før ho vert sterilisert.
Som sibirkattar flest er kattungane forventa å verte særs allergivenlege, noko eg som katteallergikar sjølv kan skrive under på. Dersom du slit med allergiar anbefalast det dog at du besøkjer ein testheim før kattungen flyttar inn for å vere på den sikre sida. Sibirkattens Venner (http://www.sibirkattensvenner.no/?page_id=85) har testheimar over heile Noreg. Både kattemor Lolli og kattefar Bukket er nyleg hjartekontrollerte hos veterinær med fine funn.
Kattungane vert leverte med stamtavle, identifikasjons-chip, vaksiner, ormekur, helseattest, kattunge-pakke frå Royal Canin, og digital bileteserie av høg kvalitet heilt frå fødsel og fram til adopsjon. Dei får alle mykje merksemd, friheit, kjærleik og leik, og samtlege skal vere både reinslege og godt sosialiserte med vaksne og born ved overtaking. Alle kattungane vert primært selde som kosekattar.
Så dersom de har drøymd om ein liten hjarteknusar i heimen, er sibirkattungane leveringsklare i Ulsteinvik på Sunnmøre frå 1. til 11. august, eller frå og med 12. august i Nydalen i Oslo.
Venleg helsing,
Brynjar Saunes Bye, M.D.
Allmennlækjar/Katteoppdrettar
NO*Trans-Siberia
www.trans-siberia.net
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingLånepriser
Eff.rente 11,00 %. 120 000 o/5 år. Kostnad: 34 341 kr. Totalt 154 341 kr.
Annonsens metadata
Sist endret: 12.8.2019, 20:46 ・ FINN-kode: 146865641