Bildegalleri
Ekstremt sjeldan Sonor Gavin Harrison 135th Anniversary Snare (samlerobjekt)
Beskrivelse av varen
Tilstand: Brukt
Grunna overgang til tangentar, selger eg min Sonor Gavin Harrison 135th Anniversary Snare. Dette er ei -svært- sjeldan skarptromme, i tipp-topp stand, perfekt for Harrison-fans, Porcupine Tree-fans, samlarar eller berre som ein svært lekker, liten og poppy hovud- eller sideskarp. I følgje Harrison sjølv er det produsert om lag 50 i verden (http://www.drummerworld.com/forums/showpost.php?p=762504&postcount=4860). Skarpen var del av ein svært begrensa marknadsføringskampanje under Sonor sitt 135-årsjubileum i 2010, der kjøparar i ein kort periode kunne melde interesse for skarpen, før den så vart produsert for dei interesserte.
Tromma er ein kopi av Harrison sin kvite skarp frå Designer-serien, velkjend for sin svært sensitive og poppy karakter, som demonstrert i videoane "Slippin’ Away" https://youtube.com/watch?v=YuSCrkLzQt8 og "Sound of Muzak" https://youtube.com/watch?v=O3h7Xbzd2bE, der skarpen heilt klart står i sentrum.
Tromma er sparkling white, 12x5 tommar og er lagd av 9-lags Nord-amerikansk lønn. Den er liten, nett og svært fleksibel. Skarpen har Designer-basert Hardware i krom og stemmeskruar med ekstern TuneSafe. Den er så og seie plettfri, eg klarar ikkje å sjå noko som helst bruksskadar eller -riper til trass for at den er 8 år gammal. Dette har nok mykje å gjere med at den berre var i bruk frå 2010 til 2013 og aldri har vore ute av huset. Vil likevel nemne at den mjuke gummien på toppen av seidespakemekanikken er litt sprukken (sjå bilde 5), men dette er naturlege skadar som ein må rekne med når gummien står i spenn over tid.
Dette er nok den einaste sjansen du får i livet til å skaffe deg denne, og eg håpar den finn ein god og kjær heim.
Tromma leverast i original embalasje, med original trommenøkkel som passar dei unike stemmeskruane på tromma. Den er sendeklar til heile landet mot kjøpars betaling.
Profilinformasjon
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingAnnonsens metadata
Sist endret: 24.4.2020, 11:30 ・ FINN-kode: 130458463