Bildegalleri
Lys og fin leilegheit på eit plan i første etasje. Parkering i felles garasjeanlegg.
Kinnvegen 25, 6900 FlorøPris på lån: fra 10 834 kr/mnd
Eff.rente 5,77 %. 1 743 000 o/25 år. Kostnad: 1 507 200 kr. Totalt 3 250 200 kr.
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Leilighet
- Eieform
- Eier (Selveier)
- Soverom
- 2
- Primærrom
- 71 m²
- Bruksareal
- 74 m²
- Byggeår
- 2013
- Energimerking
- D - Rød
- Tomteareal
- 8 055 m² (eiet)
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Eigedom
Kinnvegen 25
6900 Florø
Lokalitet
Lys og tiltalande leilegheit i første etasje med lett tilkomst utan trapper. Sørvendt og solrik beliggenheit med terrasse. Kort gangavstand til det flotte friluftsområde på Sørstrand. Storåsen ligg like ved.
Innhald
Bustaden er på eit plan og inneheld: gang, 2 soverom, bad, teknisk rom/vaskerom, kjøkken, stove med utgang til sørvendt terrasse. Utebod. Parkering i felles garasjeanlegg.
Standard
Bustaden er oppført i 2013. Kvit kjøkkeninnreiing frå Drømmekjøkken,
Stort bad med flislagt golv og baderomspanel på veggar. Dusjhjørne med innfellbare dører, veggfesta wc og baderomsinnreiing.
Vaskerom/teknisk rom har belegg på golv, baderomspanel på veggar.
Elles i bustaden er det fliser på golv i gang, parkett på dei øvrige romma. Lyse slette gipsveggar. Slette himlingar. Balansert ventilasjon. Sentralstøvsuger.
Kvitevarer
Det følgjer ikkje kvitevarer med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med.
Byggjemåte
Leilegheita ligg i bygg med tilsaman 3 leilegheiter, 2 på plan 1 og 1 på plan 2. Ytterveggar er av 200 mm veggar med 148 mm trestenderverk, påfora med 50 mm og isolert med 150 mm + 50 mm min. ull. Asfaltplater, lekter og utvendig glattpussa Aquapanelplater. Innvendig diffusjonssperre og plater.
Takkonstruksjon har sperretak i tre med betongdrager i møne. Prefabrikerte A-takstolar, isolert med 350 mm min. ull, lufting, sutaksbord, papp, sløyfer, lekter og betongtakstein. Innvendig diffusjonsperre og gipsplater. 2-lags isolerglass.
Det er ikkje teke takst på eigedomen.
Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Arealer og fordeling per etasje
Primærrom: 71 kvm, Bruksareal: 74 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: bod
BRA pr. etasje:
1.Etasje: 74 m2 + bod på 5 m2 + parkering i garasje.
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering i garasjeanlegg i kjellar på nabobygg. Det er heis til parkeringskjellar.
Parkering utvendig like ved bustaden.
Tomt
Areal: 8 055 kvm, Eigarform: Fellestomt i sameige,
Bustaden har sørvendt terrasse med tett gjerde mot Kinnvegen som hindrar innsyn.
Opparbeidd fellesareal og leikeplass i sameige.
Regulering/offentleg godkjenning
Ligg i område regulert til bustad. Grense til LNF-område. Det er planlagt oppføring av bustader på areal vest for Kinnvegen sameige.
Veg, vatn, avløp
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter D
Tilkomst
Lett tilkomst utan trapper. Det er heis frå garasjeanlegg til bakkeplan.
Oppvarming
Oppvarming med gasspeis i stove (naturgass frå Ewos). Eigen målar pr. bustad for gassforbruk. Termostatstyrte varmekablar i gang og på bad.
Kommunale avgifter
Kr. 11 703,25 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Staum og gass vert fakturert akonto kvar mnd, men jamnleg avrekning.
A konto straum kr. 667,- pr mnd.
A konto gass kr. 642 pr mnd.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 533 528 per 31.12.15
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 493 878 per 31.12.15
Ferdigattest
Det føreligg bruksløyve frå Flora kommune datert 31.03.2014. Denne ligg vedlagt.
Felleskostnader
Kr. 976 pr. mnd.
Felleskostnadene inkluderer felles straum, drift og vedlikehald av heis, forsikring av bygget, drift og vedlikehald sameige, forretningsførar og revisjon.
Opplysningar om sameige.
Sameie: Sameiget Kinnvegen, Orgnr.: 994337211
Sameige består av 32 sekjsonar.
Seksjonsbrøk: 8/328
Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Rekneskap/vedtekter
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap, vedtekter og evt. husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Forretningsførar/rekneskapsførar
BOB Region Nordvest.
Godkjenning/forkjøpsrett
Overdraging/ utleige av seksjon skal meldast styret for godkjenning.
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 1G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål. Skal meldast styre for godkjenning.
Forsikring
Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.
Eigarskifteforsikring
Bustaden er seld utan eigarskifteforsikring.
HELP Bustadkjøparforsikring
Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.
Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.
Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.
Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.
Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Ta kontakt med megler for komplett informasjon
Nyttige lenker
Beliggenhet
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.