Bildegalleri

Du bruker en gammel nettleser, som ikke støtter denne bildevisningen. Du kan se alle bildene i bildegalleriet.
Inaktiv

Triveleg fritidsbustad i attraktivt område

Kart med kartnålYtre Reksta, 6915 Rognaldsvåg
Prisantydning1 200 000 kr
Kommunale avg.
2 833 kr per år
Verditakst
1 200 000 kr
Hva er denne boligen solgt for tidligere?

Nøkkelinfo

Boligtype
Hytte
Eieform
Eier (Selveier)
Soverom
2
Primærrom
77 m²
Bruksareal
78 m²
Byggeår
1982
Energimerking
G - Oransje
Tomteareal
1 434 m² (eiet)
Boligselgerforsikring
Ja

Les mer om bruksareal her

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Eigedom

Ytre Reksta
6915 Rognaldsvåg

Lokalitet

Eigedomen ligg på Ytre Reksta ca 3 km frå Rognaldsvåg der det er ankomst for rutebåt og butikk. Det er og mogleg å gå på sørsida i terreng og ein brukar ca 15 min frå butikken. Øya er rik på historie og har eit levande lokalsamfunn .
Frå Florø er reisetid ca 20 min. Det er høve til å ta med bil på hurtigbåten og køyretid er ca 5 min.
Avgang til og frå Florø fleire gonger om dagen med hurtigbåt. Flotte turområde like i nærleiken av eigedomen.

Innhald

Hytta har i hovudetasje inngang / vinterhage, kjøkken, bad/wc/vaskerom, stove og to soverom. Trapp til hems frå stova, her er det laga til rom. Høgda her er 1,76 i midten.
Kjellarrom med betongveggar under hytta. Det meste av møblar vil følgje med i salet.

Standard

Ny utvendig kledning på 3 sider men målt kun på austre vegg, Det gjenstår å skifte kledning og å isolere på gavlvegg mot aust. Nye vindauge i 2015 på sør og nordsida. Vindu i gavl mot aust må skiftast og nye vindauge følgjer med.
Innvendige veggar har overflater av målt panel, panel og tapet med flisar over benkeplate på kjøkken. Betong i kjeller.
Himlingar har panel, målt panel og asfaltplater i kjellar.
Golva har overflater av grus og jordgolv i kjellar. Vinylbelegg i vinterhage og kjøkken. Eikeparkett i stove og bod. Våtromsbelegg på bad/wc/vaskerom. Teppe på soverom, og på hems er det målt og lakka tregolv.

Kvitevarer

Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med.

Byggjemåte

Hytta er sett opp med 300 m plasstøpte betongvegger. Ytterveggar har isolert trestenderverk med værhud av panel. Yttertak har tekking av betongstein.
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø, datert 28062016.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.

Arealer og fordeling per etasje

Primærrom: 77 kvm, Bruksareal: 78 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:

1.Etasje: 78 m2

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.

Tomt

Areal: 1 434 kvm, Eierform: Eiet tomt
Tomta er opparbeidd med grøntareal og noke beplantning. Gjerde rundt heile eigedomen. Nydeleg utsikt i sør søraust til Rekstafjorden.
Areal hjå kommunen er på 1455,6 og målebrevet seier 1434,3 . Innførte digitale kart gjer gjerne at arealet kan endre seg litt.

Regulering/offentleg godkjenning

Eigedomen ligg i område som er sett av til LNF sone 2

Veg, vatn, avløp

Adkomst over privat veg. Vatn frå privat brønn. Avløp går i grøft med avsig til sjø.
Det er ikkje søkt Flora kommune om vatn og avlaupsannlegg på eigedomen. Dette bør oppgraderast og søkast godkjent.

Energimerking

Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter G

Tilkomst

Tilkomst frå fylkesveg 552 og videre på privat veg ca 700m.

Oppvarming

Peis og vedovn i stova. Termostatstyrte varmekablar på badet. Elles elektrisk

Kommunale avgifter

Kr. 2 833 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.

Likningsverdi

Likningsverdi som primærbustad kr per
Likningsverdi som sekundærbustad kr 332 167 per

Ferdigattest

Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Flora kommune.

Konsesjon

Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.

Utleige

Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til fritidsføremål.

Eigarskifteforsikring

Bustaden er seld med eigarskifteforsikring.

HELP Bustadkjøparforsikring

Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no.

Bustadkjøparforsikring

Ein gjer kjøpar merksam på at ein har anledning til å teikne bustadkjøparforsikring. Forsikringa gir kjøpar bistand etter avhendingslova og dekkjer all advokatbistand, skadetakstar og kostnader til rettsapparatt. Forskringa har ingen eigenandel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Les meir om forsikringa i eige vedlegg eller på http://www.help.no.

Finansiering

Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.

Bodgjeving

Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.

Overtaking

Etter avtale med seljar.

Seld "som den er"

Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.

Ta kontakt med megler for komplett informasjon

Beliggenhet

kart

Annonseinformasjon

FINN-kode83780672
Sist endret15. okt. 2016 14:27
Referanse1160102

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.