Bildegalleri
Brunkeberg - Velholdt einebustad med flott hage i etablert bustadområde
HELLEBRUVEGEN 8, 3850 KviteseidPris på lån: fra 5 483 kr/mnd
Eff.rente 5,86 %. 875 000 o/25 år. Kostnad: 769 900 kr. Totalt 1 644 900 kr.
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Enebolig
- Eieform
- Eier (Selveier)
- Soverom
- 3
- Primærrom
- 155 m²
- Bruksareal
- 185 m²
- Etasje
- 2
- Byggeår
- 1975
- Energimerking
- G - Oransje
- Renovert år
- 1996
- Tomteareal
- 930 m² (eiet)
- Boligselgerforsikring
- Ja
Fasiliteter
Visning
Generell informasjon
Einebustaden har adresse Hellebruvegen 8. Den ligg i eit etablert bustadområde på Brunkeberg.
Einebustaden har god planløysing, er velholdt og triveleg, og passar utmerka til familiar, par og einslege.
Hagen er fint opparbeida med fleire fine uteplassar.
Ein bustad til å flytte rett inn i.
Område
Eigedomen ligg på Brunkeberg i Kviteseid kommune, ved innkjøringa til Ordal og lastebilverkstaden til Norsk Scania AS.
Det er gåavstand til Brunkeberg oppvekstsenter langs gang- og sykkelveg, gåavstand til ekspressbusstopp på E-134, fine turløyper og skiløyper i nærområdet.
Det er eit sentralt område å bu i med tanke på arbeidsavstandar:
- Kviteseid sentrum: 7,9 km
- Åmot sentrum: 39 km
- Dalen sentrum: 42 km
- Seljord sentrum: 10,8 km
- Bø sentrum: 39,5 km
Standard og innhold
Huset er godt vedlikeholdt av eigar, som har eigd huset sidan 1982.
Av større oppgraderingar blei det sett inn ny kjøkkeninnreiing frå Huseby og parkett på kjøkkengolv i 2000, karnapp på kjøkken og stoge på midten av 90-talet, parkett i stoge i 2005, samt bad/wc i begge etasjar i 1992. Det er også lagt laminatgolv i fleire rom på midten av 90-talet.
Underetasje
Inngangen har ljose måla flater, takess i himling, laminat på golv og garderobe. Frå gangen er det inngang til bodar, bad og vaskerom.
Vaskerom har belegg på golv, måla flater og måla panel i tak. Bod tilknytta inngang kan nyttast som soverom. Badet innheld vask, wc og dusj med forheng.
Hall med trapperom har laminat, ljose panelplater og takess i himling. Frå hallen er det inngang til soverom og stoge.
Soverommet har måla glassfiberstrie på veggar, laminat på golv og takess i himling. Soverommet er ellers romsleg med plass til dobbeltseng og garderobe.
Stoga i underetasjen har teppe på gulv, måla panel på veggar og tak, samt måla murvegg. Stoga er romsleg med god plass til blant anna møbelgrupper.
Bodane har teppeflisar på golv, måla plater på vegg og panel i tak.
Underetasjen inneheld også garasje og utvendig bod.
1. etasje
Kjøkkenet har ny kjøkkeninnreiing frå 2000 med moderne fasiliteter. Ventilator over komfyr trekker luft ut i yttervegg. Benkeplata er av kirsebærtre.
Karnapp frå 1995 og parkettgolv frå 2000. Veggar og tak er måla panel, flisar er lagt på vegg over kjøkkenbenk. Spottar i tak. Kjøkkenet har god plass til kjøkkenbord.
Stoga har karnapp frå 1995 og parkettgolv frå 2005, måla strie på vegg samt måla murvegg, og takess i himling. Stoga er romsleg og triveleg med plass til sofagrupper og spisebord. Stoga har utgang til veranda.
Hovedsoverommet har laminat på golv, godt med garderobeplass, utgang til tørkeveranda og god plass til dobbelseng.
Gjesterommet/ arbeidsrom har laminat, måla strie på vegg og takess i himling.
Bad/wc har flisar på golv, baderomstapet på veggar, takess med spottar i himling. Badet blei oppgradert i 1992, og inneheld wc, dusjkabinett og vask.
Ellers har bustaden ein stor veranda med utgang frå stoge. Verandaen har peis og stor trapp ned til hage.
Regulering
Kopi av situasjonskart, målebrev, reguleringsplan med bestemmelsar er lagt til prospektet. Me oppfordrar interesserte å gjere seg kjent med desse opplysningane. Eigedomen er i eit regulert bustadfelt.
Adkomst
Sjå kart.
Oppvarming
Elektrisk oppvarming med varmekablar, elektriske ovnar og vedfyring.
Parkering
I garasje og på eiga tomt.
Konsesjon
Eigedomen har buplikt.
Ferdigattest
Bustaden har ferdigattest.
Beskaffenhet
Bustaden er bygd på skråtomt. Det er opparbeida flott hage med plen, blomsterbed og buskar.
Ta kontakt med megler for komplett informasjon
Beliggenhet
Advokat Inge M. Evja
Annonseinformasjon
FINN-kode | 80790464 |
---|---|
Sist endret | 08. sep. 2016 07:08 |
Referanse | XHellebruvegen 8X |
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.