Bildegalleri

Fasade/hage
Tidl. småbruk med bustad, løe og garasje. Fin utsikt! Seim - Ikeland
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Gårdsbruk/Småbruk
- Eieform
- Eier (Selveier)
- Soverom
- 3
- Primærrom
- 69 m²
- Bruksareal
- 122 m²
- Byggeår
- 1952
- Energimerking
- F - Oransje
- Rom
- 4
- Tomteareal
- 3 127 m² (eiet)
- Bruttoareal
- 139 m²
Fasiliteter
Innhold:
Kjeller: Kjellarrom, gang, tidl. wc, og 2 bodar.
1. etasje: Entrè, bad, kjøkken og stove.
Loft: Gang, 2 soverom og innreia loftsrom med potensial som soverom.
Garasje med 22 m² BRA, bygd i 1952.
Løe med 1.etasje og loft, 37 m² BRA, bygd i 1952.
Standard:
Dette er ein fin einebustad med relativ funksjonell planløysing og god standard for alderen. Huset er vesentleg oppgradert siste 10-12 åra, med stort sett nyare innvendige overflater med moderne fargeval, kjøkkeninnreiing frå 2006 med integrerte kvitevarer, bad oppussa i 2006. Oppgradet el. anlegg i 2008. Noko gjenståande arbeid på eit rom på loftet. Ytterlegare potensial for innreiing i kjellar.
Ein må pårekne vedlikehald av løe og garasje.
Bruket var i si tid eit tradisjonelt lite småbruk, der husdyrhaldet var ein viktig del av matauken for familien, med 2 grisar og 3-4 sauer, som alle vart fôra av det ein kunne hauste av eigedomen.
Sjå bilete og tilstandsrapport for ytterlegare informasjon.
Fyring/Oppvarming:
Pipe med innerforing og vedomn frå 2006 i stova.
Beliggenhet:
Eigedomen ligg fint til i naturskjønt kulturlandskap på Ikeland, ein høgtliggjande dal sør for Seim. Huset er vestvendt, med fin utsikt over dalen. Gode lys- og soltilhøve. Området er spredt utbygd med bustader og landbrukseigedomar. Ca. 8 minutt å køyre til Knarvik senter og ca. 25 minutt til Mongstad. Kort køyreavstand til barnehage, skule og matvarebutikk. Flott turterreng i område.
Adkomst:
Frå Knarvik følg vegen mot Mongstad. Ta til venstre før nye tunnelen før Seim. Følg "gamleveien" innover til Herland og ta høgre inn på Kapperdalsvegen. Deretter fyrste til venstre inn på vegen Ikeland. Følg visningskilt frå EiendomsmeglerVest ved fellesvisningar.
Parkering:
I garasje og på adkomstvegen inn i tunet.
Overtakelse:
Eigedomen er klar til snarleg overtaking.
Primærrom beskrivelse:
Alle romma utanom bodane og uinnreia loftsrom inngår i primærarealet.
Energimerking:
Eigedomen er energimerka, kopi av energiattesten kan ein få ved å kontakte meklar.
Energimerke F og oppvarmingskarakter ORANSJE.
Beskaffenhet:
Opparbeida og frodig tomt, med grusa oppkøyrsle og tun. Forstøtningsmurar rundt bustaden med plen og diverse prydbusker og beplantning.
Regulering
Ta kontakt med megler for komplett informasjon
Nyttige lenker
Nærområdet
Eiendomsmegler Norge Nordhordland
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.





























