Her er du

FINN/Jobb/Søk/Møre og Romsdal/Molde
Bilde fra arbeidsgiver

Kokk/ fagkokk/ andre relevante fagbrev

Helse Møre og Romsdal HF

  • Frist 05.07.2026
  • Ansettelsesform Fast

Kokk/ fagkokk/ andre relevante fagbrev

Vi søkjer no etter ein kokk med fagbrev, og/eller søkjarar med relevant erfaring frå kafe, kantine, hotell, restaurant eller salg/ service som kan gå inn i funksjonen som driftskoordinator i kafeen vår. Vi har ledig ei 100 % fast stilling, med oppstart snarast, eller etter avtale med seksjonsleiar.

Kafeen har blitt ein attraktiv møteplass, og vi ønskjer ein person som kan ivareta og vidareutvikle tilbodet. Kafeen er open kvar dag heile året, også i helger og høgtider.
Vi tilbyr eit breitt utval av både varm og kald mat, salatbuffet, drikke, kioskvarer, vekeblad og gåveartiklar. Vi driv òg ein ubetent kiosk med smart vareskap med ulike typar drikke, mat og kioskvarer. I tillegg drifter vi ein Espresso House-baristastasjon.

Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.


Arbeidsoppgåver

  • Dagleg ansvar for drift av kafe og kiosk
  • Vidareutvikle tilbod både i kafe og kiosk
  • Bestille mat og drikke fra produksjonskjøkkenet
  • Aktiv bruk av seksjonen sitt kvalitetssystem
  • Bruk av seksjonen sine digitale verktøy
  • Tilberedning og servering av mat og drikke

Kvalifikasjonar

  • Gjerne fagbrev som er relevant for stillinga. Fagbrev kan vere som ernærings/ hotell og restaurant kokk, servitør, baker, konditor eller salg, service og reiseliv
  • Vise forståelse for økonomi, som bl.a ressursbruk og matsvinn
  • Relevant praksis/ erfaringer innan dei ulike fagområda kan erstatte fagbrev

Personlege eigenskapar

  • Du har gode evner til teamarbeid, men arbeider samtidig godt sjølvstendig
  • Du er serviceinnstilt
  • Du har gode kommunikasjonsevner i møte med kundar
  • Du er ansvarsbevisst og påliteleg
  • Du er initativrik
  • Du er positiv til endringar og liker utfordringar
  • Du trivs i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er ei perle på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.

Ferdigheter
AI-generert

  • Bestille mat og drikke
  • Bransjekunnskap innen salg av mat- og drikkevarer
  • Kvalitetsstyringssystem
  • Restaurant (matlaging)
  • Svinnkontroll
  • Tilberedning av kald og varm mat
  • Tilberedning av salat

Om arbeidsgiveren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
  • Bransje: Restaurant, mat og uteliv
  • Stillingsfunksjon: Kjøkken- og kantinemedarbeider, Kokk, Mat og servering
  • Arbeidsspråk: Norsk
Helse Møre og Romsdal HF logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Eli Nytun Sæther
  • Stillingstittel: Seksjonsleiar
Send melding
  • Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Helse Møre Og Romsdal Hf

279 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Helse Møre Og Romsdal Hf logo

Helse Møre Og Romsdal Hf

På lag med deg for helsa di!
  • HjemmesideFirkant med pil som peker oppover mot høyre
  • LinkedInFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 467485573
  • Sist endret 19.6.2026, 15:41
Rapporter annonse