Fysioterapeut - 100% vikariat
Osterøy kommune
- Frist 25.06.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vi har ledig svangerskapsvikariat som kommunal fysioterapeut i 100 % stilling
Om stillinga
Vi har ledig svangerskapsvikariat som kommunal fysioterapeut i 100 % stilling frå 01.09.2026 til 15.05.2027, med moglegheit for forlenging.
Fysioterapeuten skal ha ansvar for fysioterapioppfølging av heimebuande og institusjonsbebuarar - vaksne og eldre - både individuelt og i grupper.
Stillinga er organisert under ergo- og fysioterapitenesta i Osterøy kommune, med base ved Osterøytunet, sjukeheimen i kommunen.
Tenesta skal halde høg fagleg kvalitet og sikre den einskilde brukaren eit forsvarleg fysioterapitilbod tilpassa individuelle behov. Det vert lagt vekt på å fremje eigenmeistring og bidra til at eldre kan bu heime og vere sjølvstendige i eigen bustad så lenge som mogleg.
Stillinga er organisert i ergo- og fysioterapitenesta, der ergo- og fysioterapeutar arbeider tett saman med serviceteknikar og aktivitør i eit tverrfagleg team.
Om oss
Ergo- og fysioterapitenesta i Osterøy kommune består av ergo- og fysioterapeutar, aktivitør ved Osterøytunet og serviceteknikarar ved kommunen sitt korttidslager for hjelpemiddel og mottak av NAV-eigde hjelpemiddel.
Styrkane ved arbeidsplassen vår er mellom anna eit godt arbeidsmiljø prega av høg arbeidsmoral, tillit og trivsel.
Vi har varierte arbeidsdagar med stort spenn i alder, diagnosar, prognosar og tiltak hjå brukarane våre. Tenesta arbeider mellom anna med førebygging, behandling - individuelt og i grupper - tilrettelegging, palliasjon og råd og rettleiing til samarbeidspartar.
Vi har stort fokus på tverrfagleg og tverretatleg samarbeid. Arbeidskvardagen er variert og i stadig utvikling, med nye utfordringar og endringar som gjer arbeidsplassen både lærerik og spennande.
Tenesta har brei fagleg kompetanse og arbeider kunnskapsbasert med fokus på oppdatert praksis. Vi tilstrebar gode kontorplassar og tilgang til nødvendige behandlingslokale og utstyr.
Arbeidsoppgåver
- Hovudansvar for vaksne og eldre, inkludert korttids-/rehabiliteringsavdeling ved Osterøytunet og kvardagsrehabiliteringstilbod.
- Kartlegge den einskilde deltakar sine mål, ønskjer og moglegheit for aktivitet.
- Planlegge, rettleie, igangsette eigna behandling/tilbod, samarbeide tett med kollegaer- internt og eksternt.
- Arbeide tverrfagleg- planlegge, organisere og koordinere eigne oppgåver.
- Dokumenterei ulike fagsystem.
- Andre oppgåver etter avtale med avdelingsleiar for ergo- og fysioterapitenesta.
- Vi arbeider mellom anna med førebygging, behandling-individuelt og i grupper, tilrettelegging, palliasjonogråd/rettleiing til andre samarbeidspartar.
- Vihar varierte arbeidsdagar med stort spenn i alder, diagnosar, prognosar og tiltak hjå brukarane våre.
Kvalifikasjonskrav
- Godkjent fysioterapiutdanning - norsk autorisasjon.
- Må ha gode kommunikasjonsevner og beherske norskgodt, munnleg og skriftleg.
- Søkjarar frå utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk munnleg og skriftleg gjennom bestått prøve i nivå B2.
- Ønskjeleg med relevant erfaring.
- Førarkort klasse B, tenesta disponerer eigne el-bilar.
- Politiattest som ikkje er eldre enn 3 md må framleggast om ein får tilbod om stillinga
Vi søkjer etter deg som
- Har evne til å arbeide sjølvstendig og tverrfagleg.
- Er ein god lagspelar og bidra aktivt til å ivareta eit godt arbeidsmiljø.
- Har god helse og kan handtere ein hektisk arbeidskvardag.
- Har eit positivt menneskesyn.
- Har godt humør, er fleksibel og påliteleg.
- Kan sette deg raskt inn i arbeidsoppgåver og arbeidsverktøy.
- Det vert lagt vekt på at ein er personleg eigna til stillinga
Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY
Vi tilbyr
- Ein variert arbeidskvardag i eit tverrfagleg team med stort fokus på tverrfagleg og tverretatleg samarbeid.
- Eit godt arbeidsmiljø prega av høg arbeidsmoral, tillit og høg trivnad.
- Opplæring og rettleiing for å sikre god kvalitet i tenesta
- Vi har mykje og variert fagleg kunnskap og kompetanse i tenesta, med fokus på kunnskapsbasert og oppdatert praksis.
- Vi møter stadig utfordringar og endringar, arbeidsplassen vår er aldri kjedeleg!
- Tilstrekkeleg kontorplassar og behandlingslokale/- utstyr.
- Lønn etter tariff og offentleg pensjonsordning.
FerdigheterAI-generert
- B2 norsk språkprøve
- Fysioterapitjeneste
- Individuell fysioterapi
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Osterøytunet 3, 5282 Lonevåg
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Fysioterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 467265256
- Sist endret



