Bildegalleri
Vintage Festus/Titten svingstol
Til salgs
Frakt fra 229 kr + Trygg betaling 91 kr
Trygg handel med Fiks ferdig
Etter levering har du 24 timer til å inspisere varen. Hvis det er noe galt med varen, får du pengene tilbake.
Beskrivelse av varen
Vintage svingstol Titten fra Henco møbler i rød skai. Noen bruksmerker.
Bud mottas!
Stolen er omtalt på Digitalt museum: https://digitaltmuseum.no/0210215076226/stol
Svingstol frå Henco Møbler AS Tidlegare "Titten", frå omlag 1979 under namnet "Festus" .
Dette er ein skallstol, det vil sei stolen er laga på eit grunnlag av eit støypt skal av plast. Truleg produsert av Nesse Plast i Balestrand.
Understellet - krysset til "Festus" blei laga av Søda Galvano i Brattvåg med unntak av ein kort periode med ein variant frå Thor Strand Metallvare-fabrikk i Ørsta.
Desse stoltypane var tidlegare produsert ved Brødrene Brunstad, Sykkulven, til dei la ned midt på 1970-talet.
Les mer her:
https://redesignedfurniture.wordpress.com/2013/02/16/svingstol-fra-brunstad-og-seinare-henco-moblar/
Design og produksjon på Møre på 1960 og 70-talet har vel sikkert kunne tatt den velkjende diskusjonen om høna og egget. Kva kom først og kven var høna? Tettheita av fabrikkar og oppfinnarar var veldig spesiell for området og det var vel slik at ein sikkert kjeik over gjerdet til nabobedrifta for å finne nye former og fargar. Det var óg slik at underleverandørar produserte grunntreverk for fleire fabrikkar og slik fekk ein modellar som kunne få noko lik form. Arvid Henriksen jobba på Brødrene Brunstad frå 1961 til 1972 og han var med på å utforme nokre av modellane der saman med Kjell Brunstad og brødrene hans. Arvid var aktiv i slag av møblane og fekk på sine salgsturar førstehandsrespons frå butikkar som selde desse ulike modellane og kunne dermed bringe tilbake synspunkt og idéar til fabrikken i Velledalen. BB gjekk dessverre konkurs på midten av 70-talet. Det er sjølvsagt klart at Arvid Henriksen var influert og hadde sine inspirasjonar frå møbeleventyret på Møre då han drog frå Sykkylven til Stryn for å freiste som møbelgründar der. Det kan ein sjå på nokre av enklare modellane frå den tida. Sjå óg BB sida med alle dei fine modellane frå katalogen deira.
Skalet til denne svingstolen på bildet under vart sannsynlegvis produsert av Vartdal Plast. Kven som har laga designet på dette skalet har eg enno ikkje heilt klart for meg, men det eg veit var at Henco Møbler A/S fekk levert same skalet frå Vartdal utover på 70-talet. Rekningar frå Vartdal Plast frå 1973 viser at isoporskalet vart levert med festebracket som eg har forstått vart laga av Bjørdal Industrier i Ørsta. Etterkvart kom det skalstolar levert av Nesse Plast i Balestrand. Henco Møbler hadde sin modell som heitte “Titten”, og seinare frå ca 1979 også namnet “Festus”. Understellet (krysset) til denne var laga av Søda Galvano i Brattvåg med unntak av at ein i ein periode prøvde ein variant frå Thor Strand Metallvarefabrikk i Ørsta.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 19.6.2026 kl. 23:22 ・ FINN-kode: 466964246
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt