Marknad- og arrangementsleiar
Il Valder
- Frist 20.8.2026
- Ansettelsesform Fast
- Årslønn 500 000 - 550 000 kr
Marknad- og arrangementsleiar søkes til IL Valder
Dette er ei nyoppretta 100 %-stilling, noe som gir deg muligheten til å forme og utvikle rollen fra starten av.
Som marknad- og arrangementsleiar i IL Valder får du ei sentral og variert rolle.
Du blir det naturlege kontaktpunktet mot sponsorar, samarbeidspartnarar og lokalmiljøet.
Du er støttespelaren som gjer at gruppene kan planleggje og gjennomføre arrangement på best mogleg måte, sørger for at klubbhuset er ein ressurs vi utnyttar godt, og sørgjer for at IL Valder er synleg – både i lokalmiljøet og på sosiale medium.
Du rapporterer til dagleg leiar og samarbeider tett med frivillige, komitéar og styret.
Vi tilpassar gjerne rolla til rett person – fortel oss kva du er god på.
Ansvarsområde
Marknad: Sponsorar, partnarskap og salsmateriell.
Kommunikasjon: Sosiale media, nettside og innhald.
Arrangement: Tilrettelegging, dugnader og lotteri.
Klubbhus: Utleige, booking og drift.
Organisasjon: Støtte frivillige og styre i den daglege drifta.
Kva ser vi etter?
Vi verdset erfaring frå
Marknad, kommunikasjon, arrangement eller liknande
Frivillig sektor, idrettslag eller foreiningsarbeid
Sosiale medium og digitale kommunikasjonsverktøy
Sal og sponsorarbeid
Du er ein person som
Trivst med varierte dagar og mange ulike oppgåver
Tek initiativ og finn løysingar sjølv
Er god med folk – både frivillige, samarbeidspartnarar og sponsorar
Er fleksibel i periodar med arrangement og aktivitetar
Har hjarte for idrett og lokalmiljøet på Valderøya
Formell utdanning
Relevant utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav.
Erfaring og engasjement veg minst like tungt hos oss.
Vi er meir opptekne av kven du er enn kva du har på papiret.
Vi tilbyr
100 % fast stilling i ein engasjert og varm arbeidsplass
Stor grad av sjølvstende og påverknad på eiga arbeidskvardag
Varierte og meiningsfulle oppgåver – ingen dagar er heilt like
Tett samarbeid med dagleg leiar og engasjerte frivillige
Løn etter avtale i spennet, 500 000 – 550 000 kr avhengig av erfaring og kvalifikasjonar
Ein klubb med røter sidan 1956 – vi søker ein person som vil vere med å utvikle oss vidare
Praktisk informasjon
Søknad
Send søknad med CV til dagligleder@ilvalder.no innan 20. august 2026.
Merk e-posten «Marknad- og arrangementsleiar».
Spørsmål om stillinga?
Ta kontakt med Elias Alnes Mulelid på telefon 412 45 553 eller e-post dagligleder@ilvalder.no.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Ferdigheter
- Arrangementsledelse
- Digitale kommunikasjonsverktøy
- Nettsideinnhold
- Social Media
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
IL Valder er eit allsidig idrettslag på Valderøya i Giske kommune med ein visjon om å gjere Valderøya til ein betre plass å bo.
Med rundt 990 medlemmar, 650 aktive utøvarar og allidrett, fotball, friidrett og handball under same tak er vi eit solid og veksande lag med hjarte for lokalmiljøet.
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Valdervollvegen 7, 6050 Valderøya
- Bransje: Event og arrangementer, Idrett og trening, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Ledelse, PR og informasjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
marknadsføring, arrangement, sponsorar, partnarskap, idrettslag
Annonseinformasjon
- FINN-kode 466668601
- Sist endret
