Her er du

FINN/Jobb/Søk/Rogaland/Stavanger
Bilde fra arbeidsgiver

Fagkonsulent

Bufetat

  • Frist 28.06.2026
  • Ansettelsesform Fast

For dei minste barna – verdas viktigaste jobb

Om stillinga og arbeidsstaden

Ved Senter for foreldre og barn i Stavanger har vi ledig 3 faste stillingar som fagkonsulent i 100 % stilling.

Ved Senter for foreldre og barn i Stavanger jobbar vi kvar dag for at barn i sine mest sårbare år skal få det dei treng for å vekse og utvikle seg. Vi møter familiar som står i krevjande situasjonar, og vi jobbar med kartlegging, samspelobservasjon, rettleiing og behandlingsarbeid - alltid med barnet sitt perspektiv som kompass.
Senteret i Stavanger er eitt av tre senter med døgnavdelingar i Bufetat region vest. Barna i målgruppa er 0-6 år, med prioritering av 0-2 år. Kjerneoppgåva er å bistå kommunale barnevernstenester med spesialisert utgreiing i barnevernstenesta si undersøking etter lov om barnevern §§ 2-2/2-3.
Senteret kan òg tilby omsorgsendrande hjelpetiltak etter lov om barnevern § 3-1, med fokus på utvikling av foreldreferdigheiter og å styrkje tilknytinga mellom foreldre og barn. Senteret jobbar både heimebasert, i dagtilbod og døgnbasert i en turnus med dag, kveld og helgevakter. ( to helger i en 12 ukers turnus)

Her er vi eit tverrfagleg miljø som tek fag på alvor, men som òg veit at ein god latter innimellom gjer oss til betre hjelparar. Du vil jobbe saman med folk som stiller opp og støttar kvarandre. Her deler vi kunnskap og søker å utvikle kompetansen, vi stiller spørsmål, utfordrer og vi vil kvarandre vel.

Arbeidsoppgåver

Dette får du jobbe med hos oss:

  • Utgreiing og hjelpetiltak etter barnevernlova §§ 2-2, 2-3 og 3-1
  • Utgreiing med analysar og vurderingar av omsorgssituasjonen; foreldra si fungering, barnet si utvikling og samspel
  • Oppgåver knytt til standardisert forløp for utgreiing av omsorgssituasjonen til sped- og småbarn
  • Ansvar for dokumentasjon og rapportar i saker
  • Utføre relevante og kunnskapsbaserte metodar i barnevernsfagleg arbeid
  • Arbeide i team og samarbeide med tilsette i eit sterkt fagmiljø
  • Bistå med fagleg kompetanse internt og eksternt 
  • Vere ein pådrivar for høg kvalitet og fagleg utvikling hjå oss
  • Rettleiing av foreldre
  • Vitneførsel i nemnd og rettsintansar
  • Samarbeid med foreldre og samarbeidspartnarar
  • Praktiske oppgåver knytt til tiltaket.

Kva bakgrunn har du?

Må-krav:

  • 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning som  barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar. Anna relevant treårig høgskuleutdanning kan vurderast
  • Relevant videreutdanning; minimum 30 studiepoeng med erfaring fra barnevernfagleg arbeid, 60 stp, eller master
  • Erfaring fra barnevernfagleg arbeid, og erfaring  fra arbeid med sped- og småbarn
  • God muntlig og skriftleg framstillingsevne
  • God vurderingsevne
  • God til å samarbeide og jobbe i team
  • Sertifikat personbil klasse B.

Bør-krav:

  • Erfaring med rettleiing 

Sertifisering / kunnskap knytt til  metodikk/ verktøy i utrednings- og behandlingsarbeid med foreldre , sped- og småbarn er ein fordel. 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som;

  • har et stort engasjement for dei aller minste borna, og som vil bringe deira behov tydelegare inn i barnevernsarbeidet
  • som trivst i arbeidet med kartlegging, samspel, utviklingspsykologi og rettleiing
  • er lærevillig òg nysgjerrig og villig til å utvikle deg saman med resten av teamet
  • organiserer arbeidsdagen din, som tar ansvar og bidrar til et godt arbeidsmiljø faglig og sosialt.
  • både kan vere varm og tydeleg i møte med familiar og samarbeidspartnarar - og som toler at ingen dagar er heilt like.

Kva får du hos oss?

  • Stillingen er plassert i statlig lønnsregulativ i stillingskode 1495 barnevernpedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut p.t kr. 520 000-660 000,- pr. år.
  • Ved 60 stp relevant videreutdanning er stillinga plassert i stillingskode: 1510 spesialutdanna barnevern pedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1496 klinisk barnevern pedagog, 1173 klinisk sosionom eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut p.t kr 590 000 - 700 000 pr. år.
  • Lønn og stillingskode vurderes etter utdanning og erfaring. Noko høgare løn kan vurderes etter særskilt kompetanse.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordninger (http://spk.no). Fra lønnen trekkes 2 % pensjonsinnskudd.

    I tillegg får du:

  • eit sterkt fagmiljø som verdset kompetanse og samarbeid, som både utfordrar og heiar
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling og rettleiing
  • varierte arbeidsoppgåver
  • ein meiningsfull jobb der du verkeleg ser at arbeidet ditt betyr noko
  • du kan trene éi time per veke i arbeidstida.
  • du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi små barn og familiar eit endå betre tilbod - og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv!

Opplysningar til deg som søkjar

  • Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
  • Stillinga er for tida lagd til Senter for foreldre og barn i Stavanger.
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
  • Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.

    Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.

Kva skal søknaden din innehalde? 

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og laste opp vitnemåla og attestane dine. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane din.

Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.

Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ferdigheter
AI-generert

  • Analyser samhandling mellom foreldre og barn (psykologi)
  • Sosialpedagogikk
  • Utviklingspsykologi

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.

I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.

Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. 

Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

 

  • Sektor: Offentlig
  • Antall stillinger: 3
  • Sted: Torleiv Kvalviksgate 9, 4022 Stavanger
  • Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
Bufetat logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Kari Alværen
  • Stillingstittel: Avdelingsleder
  • Mobil: 98 66 30 46
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Bufetat
  • Flere stillinger fra Bufetat

5501 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten) logo

BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)

Vil du jobbe hos oss?
  • Følg oss på FacebookFirkant med pil som peker oppover mot høyre
  • Følg oss på LinkedInFirkant med pil som peker oppover mot høyre
Besøk hjemmesiden vår.

Firmaets beliggenhet

Torleiv Kvalviksgate 9, 4022 Stavanger

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 466658716
  • Sist endret 11.6.2026, 12:02
Rapporter annonse