Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen
Bilde fra arbeidsgiver

Operasjonssjukepleiar

Helse Bergen HF

  • Frist 28.06.2026
  • Ansettelsesform Fast

Operasjonssjukepleiar Thorax

Kirurgisk serviceklinikk (KSK) er den største somatiske klinikken i føretaket med om lag 1200 tilsette. KSK har ansvar for store delar av tilbodet innan operasjon, anestesi, intensivbehandling og akuttmedisin på Haukeland universitetssjukehus.

Thoraxkirurgisk seksjonen (TKS) er ein spennande seksjon med dyktige medarbeidarar og faglege utfordringar. Thoraxseksjonen ligg i 2. etasje og har fine lokale med fire operasjonsstover. Ei av disse er ei hybridstove. Thoraxseksjonen har hjarte- og lungeoperasjonar som sitt spesialfelt. Vi ufører også kirurgi innanfor områda thoraxkirurgi, karkirurgi og invasiv kardiologi på Hybridstova. Ein gong i veka, har vi robotassistert thorax kirurgi. I tillegg har vi innlegging av veneporter, Hickman og dialysekateter for heile Haukeland universitetssjukehus. Vi har stort fokus på fagleg utvikling og pasientsikkerheit i ein travel arbeidskvardag.

Vi har ledig 100% fast stilling som operasjonssjukepleiar ved Thoraxseksjonen frå august. Arbeidstid er dagtid med turnus (37,5 t/u), med heimevakter etter kl 20.00 på kvelden, på natt og i helg.

Vi søker deg som held fokus på pasienten i ein travel kvardag, som er engasjert i å forbedre tilbod og kvalitet og som bidrar positivt til godt samarbeid og triveleg arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • Bistå ved operasjonar, steril og koordinerande funksjon
  • Ansvaret for å planlegge og gjennomføring av oppgåver knytt til operasjonspasienten
  • Sikre god flyt og gjennomføring av operasjonsprogram
  • Undervise studentar i spesialisering og nytilsette
  • Delta i daglege driftsoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning i operasjonssjukepleie
  • Gode datakunnskapar
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
  • Ønskeleg med erfaring som operasjonssjukepleiar

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø.
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du tilpassar deg lett og er løysningsorientert og fleksibel
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
  • Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
  • Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo

Vi tilbyr

  • Ein spennande og meiningsfull jobb
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg dyktige medabeidarar
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ferdigheter
AI-generert

  • Assistere i operasjonsstue
  • B2 norsk språkprøve
  • Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning
  • Omsorgsfag

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Operasjon, Sykepleier
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

Sykepleier, Operasjon, Operasjonssykepleier

Helse Bergen HF logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Kristin Helland Mjelde
  • Stillingstittel: Seksjonsleiar
  • Mobil: 55 97 03 45
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Helse Bergen HF
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Helse Bergen HF

2762 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Haukeland universitetssjukehus logo

Haukeland universitetssjukehus

    Firmaets beliggenhet

    Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode 465892715
    • Sist endret 4.6.2026, 08:42
    Rapporter annonse